Snur kvar stein i Kleven konkursen
OMFATTANDE: Bustyrar Bjørn-Åge Hamre er mykje å gå gjennom med konkursane etter dei tre Kleven-selskapa. Ein konklusjon er ikkje venta før oppunder jul. 
Nytt

Snur kvar stein i Kleven-konkursen

Bustyraren går grundig gjennom kva som skjedde før verftet gjekk konkurs. Men dekning til kreditorane blir det truleg ikkje.

Marius Rosbach
21.10.2020

Bustyrar Bjørn-Åge Hamre i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig har framleis eit omfattande arbeid framføre seg med å «gjere opp» Kleven-konkursen.

– Vi begynner å få oversikt, men det er framleis ein del ting som står att. Vi har gjort intervjurundar med nøkkelpersonar ved Kleven og går gjennom omfattande korrespondanse- og rekneskapsdata, fortel Hamre til NETT NO.

Eigarane i Div Group kasta inn handkleet i sommar etter at bankane sa opp sine avtalar med Ulsteinvik-verftet. Det var den utløysande årsaka til konkursen.

Truleg ferdig til jul
Mellom vurderingane buet skal gjere, er om dei meiner det er gjort noko straffbart i samband med konkursen, eller om det er grunn til å reise erstatningskrav mot det tidlegare styret, slik Skipsrevyen omtala tysdag.

– Vi vil vurdere om det styret gjorde var velgrunna, eller ikkje, seier Hamre.

Om det er grunn til å tru at det endar med sistnemnte konklusjon vil han ikkje spekulere i no.

– Det er ikkje noko spesielt ved dette buet som skal tilseie det, men vi vil forsøke å konkludere før jul. Då er det særskilt hendingsforløpet vil si sjå på, forklarar bustyraren.

Ein konklusjon vil kome som ein beretning til Sunmøre tingrett.

Tidlegare styreleiar kritisk
Styret var leia av Div Group-eigar Tomislav Debeljak sjølv, som har vore kritisk til fleire forhold etter at han kjøpte Kleven-verftet.

Mellom anna ga han uttrykk for at Div Group meinte seg urettvist behandla og at dei ville vurdere søksmål i samband med at bankane sa opp finansieringa den 24. juni.

Hamre fortel at samarbeidet med Debeljak har gått greitt, og at dei skal ha fleire samtaler med den kroatiske forretningsmannen.

Les også: Vil gå til sak mot bankane

– Problemet er alle «blekksprutarmane» vi må kutte, der det lekk pengar

Rauk uklare etter kort tid
Til no er det levert ein førebels beretning som omhandlar konkursen. Her kjem det fram korleis det kort tid etter at Div Grouptok over, skal ha «oppstått ueinigheit» mellom den lokale leiinga og dei kroatiske eigarane. I den same perioden blei betalingar til leverandørar stoppa.

Verftsdirektør Kjetl Bollestad sa som kjent opp jobben, og i den same perioden oppstod det mistillit mellom Div Group ved Tomislav Debeljak og bankane.

I rapporten tek bustyraren også føre seg korleis det blei jobba med å restrukturere det gjeldstynga verftet frå hausten 2019, og fram til salet var eit faktum vinteren 2020.

Truleg ikkje dekning for kreditorar
Rapporten viser at det er kome inn 164 krav til buet frå mellom anna Innovasjon Norge, bankar og leverandørar. Totalt summerer krava seg til 351 millionar kroner.

Det blir konkludert med at kreditorane per i dag ikkje kan rekne med å få dekka tapa sine. Om det kjem midlar til buet, er avhengig av om det gjerast krav om omstøyting, tilbakebetaling eller eventuelle erstatningskrav, blir det påpeika til sist.

Det kjem også fram at Div Group skulle gå inn med fem millionar i aksjekapital då dei overtok Kleven. I tillegg kjem fleire andre forhold inn om vederlaget. Mellom anna kunne kjøpssummen bli auka til 45 millionar kroner, avhengig av dei økonomiske resultata for verftet i 2020.

Då Green Yard overtok Kleven i midten av juli utgjorde det samla vederlaget 113,7 millionar kroner, ifølgje den same rapporten.

Les også: Green Yard tek over Kleven

Tok ein dugnad for å redde Kleven

Tilsette tek over Kleven-selskap

Kansellering stoppa konkurranse om Kleven


Vi har gjort intervjurundar med nøkkelpersonar ved Kleven og går gjennom omfattande korrespondanse- og rekneskapsdata

Publisert: 21.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 03.01.2023 13:51