Eigaren aatvarar mot Kleven konkurs
KLEVEN-EIGAR: Tomislav Debeljak då han besøkte Kleven i mars. 
Nytt

Eigaren åtvarar mot Kleven-konkurs

Dramatisk melding frå Tomislav Debeljak om den økonomiske situasjonen for Kleven-verftet. Må finne løysing innan 1. juli.

Marius Rosbach
27.06.2020
I ein e-post fredag ettermiddag til kundar, samarbeidspartnarar og kreditorar opplyser DIV Group- og Kleven-eigar, Tomislav Debeljak, at tre långivarar har terminert avtalen med verftet. Det har ført til at alle kontoane til Kleven og dotterselskapa er fryst.
Konsekvensen kan bli konkurs for Kleven-verftet, åtvarar verftseigaren.
Etter at nyheita blei kjent fredag, at hans arbeidsforhold ved verftet er avslutta.
– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av, sa Bollestad til NETT NO fredag kveld.
Han vil ikkje fortelje fleire detaljar om saka, men ønsker dei tilsette lukke til.

Les også:


Må finne løysing innan 1. juli

Styret og leiinga i Kleven stiller i e-posten som blei sendt ut, spørsmål ved kva juridisk rett långivarane har til å seie opp avtalen. Debeljak påpeiker at dei som følgje av dette, ikkje kan oppfylle sine finansielle forpliktingar.
Etter det NETT NO kjenner til skal det vere norske bankar og långivarar som har sett ned foten. Det er også underleverandørar som dei siste dagane har trekt seg frå arbeid ved verftet.
Kleven-eigaren opplyser at styret og leiinga har møttest seinast torsdag for å handtere saka. Debeljak opplyser at dei jobbar med å komme til ei løysing. Om det ikkje skjer innan 1. juli, må dei vurdere andre alternativ - inkludert konkurs, påpeiker den kroatiske forretningsmannen i e-posten.
Ifølgje Debeljak er dei tilsette ved verftet informert om situasjonen. Debeljak og DIV Group overtok Kleven i mars i år.

Fleire positive nyheiter

Før den dramatiske meldinga fredag har det kome fleire positive nyheiter for Kleven etter at Div Group og Debeljak tok over som eigarar i vinter.
Avtalar om fleire spesialskip og eitt cruiseskip med luksusbustader om bord er meldt frå verftet, som har slitt tungt økonomisk dei siste åra. Dei har også fått si første kontrakt på bygging av et offshoreskip sidan oljenedturen – eit nybygg dei overtok frå Havyard.
Etter store underskot gjennom fleire år, forsøkte først lokale verftseigarane å berge verftet. Etterpå gjekk Hurtigruten inn som eigarar. Då Kleven var ferdig med dei to ekspedisjonsskipa MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen, ville Hurtigruten ut.
Løysinga blei kroatiske DIV Group og eigaren Tomislav Debveljak.

Kom harde skuldingar

Før avtalen om å selje verftet blei inngått, kom det fram harde skuldingar mot den kroatiske forretningsmannen frå ein EU-parlamentarikar.
Det førte til at den endelege signeringa av salskontrakta blei utsett i siste lita. Etter å ha undersøkt skuldingane, konkluderte Kleven-leiinga med at det ikkje var hald i desse.

Les også:




Publisert: 27.06.2020 11:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59