Kansellering stoppa konkurranse om Kleven
AVTALE: Kjetil Bollestad (t.v.) er tilbake som sjef for Kleven. På eit allmøte i dag presenterte han og Magne Gurskevik (i midten) løysinga som bustyrar Bjørn Hamre (t.h.) har forhandla fram for vidare drift etter at Kleven Verft gjekk konkurs fredag 3. juli.
Nytt

Kansellering stoppa konkurranse om Kleven

Då bygginga av forsyningsskipet blei kansellert fredag kveld 10. juli blei bustyrar Bjørn Hamre ståande att med berre ein interessert kjøpar til Kleven-buet, Green Yard. Dei første som blir med vidare på verftet får vite det denne veka.

14.07.2020
Fleire hadde meldt interesse for å bli ny eigar av Kleven Verft, men i slutten av førre veke var det berre to interessentar bustyret var i seriøse diskusjonar med.
Den eine grupperinga var etter det NETT NO har grunn til å tru ei gruppe investorar frå Nordvestlandet. For den gruppa var det å kunne overta eit verft med eit forsyningsskip under bygging ein føresetnad for å ta over Kleven Verft.
Etter at det canadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping kansellerte byggekontrakten var det dermed berre Green Yard som ville forhandle vidare.

Nær havari

Ein letta og glad bustyrar Bjørn Hamre hausta applaus på allmøtet i Kleven Verft i dag, der også ein del av arbeidsstokken som er på ferien hadde tatt turen innom.
Hamre seier forhandlingane om ei løysing tre-fire gongar var nær ved å havarerer, og at det først i sjutida i går kveld var klart at forhandlingane ville lukkast. Avtalen var på plass rundt midnatt, natt til i dag.
- Det var ein thriller til det siste, seier Hamre.

Får vite kven som blir med vidare

Kjetil Bollestad, som blir sjef for Green Yard Kleven, seier den første gruppa av omlag 200 tidlegare Kleven Verft-tilsette får tilbod om kontrakt på hos Green Yard Kleven denne veka.
Bollestad trekte seg som Kleven-sjef for omlag to veker sida, som ein reaksjon på den førre eigaren av verftet, kroatiske Div Group. No er han tilbake.

Kor mange kollegaer han får på verftet i første omgang vil han førebels ikkje svare på, men seier det blir folk frå alle deler av verksemda.
Kor mange det blir i neste omgang kjem an på oppdragsmengda, og mellom anna an på om det nye selskapet klarer å finne eit reiarlag som vil overta og få bygd ferdig det kansellerte forsyningskipet hos Green Yard Kleven.
- Det er interessentar, seier Bollestad.

Tek over gjeld

Hamre vil ikkje opplyse kva Green Yard betalar for å ta over Kleven Verft-buet, men seier at det først og fremst handlar om å ta over pantegjeld. Om Green Group tek over heile gjelda til Kleven Group vil han ikkje svare på.
Etter konkursen 3. juli har Langset-konsernet i Molde teke over bemanningselskapet til Kleven Verft, Kleven Marine Contracting og dei 225 tilsette der. No har altså Green Yard blir Kleven Verft-eigar, men førebels er det usikkert kor mange av dei omlag 200 tilsette der som får vere med vidare.

Publisert: 14.07.2020 11:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59