Verftsdirektoeren ferdig paa Kleven
UTE: Både verftsdirektør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse er på kort tid slutta i Kleven. 
Nytt

Verftsdirektøren ferdig på Kleven

– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av, seier Kjetil Bollestad.

Marius Rosbach
27.06.2020

Kleven Verft er på randen av konkurs etter at alle konto er frosne, og dei har frist til 1. juli med å få ei løysing. Det blei kjent via ein e-post Kleven-eigar Tomislav Debeljak sende ut til samareidspartnarar fredag.

Les også: Eigaren åtvarar mot Kleven-konkurs

Administrerande direktør Kjetil Bollestad opplyser til NETT NO seint fredag at han har avslutta sitt arbeidsforhold med verftet.

– Eg har sagt opp - og fått beskjed om å gå, fordi dei ikkje hadde brukt for meg lengre, fortel han.

Bollestad vil ikkje grunngjeve i detalj kva som er årsaka til avgjerda, men seier følgjande:

– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av.

– Kva vil du seie til dei tilsette?

– Eg føler med alle dei tilsette og ønsker dei alt godt og ein framtid framleis.

Tredje direktør på kort tid
Kjetil Bollestad vart tilsett som verftsdirektør i juli i fjor. Han overtok etter Olav Nakken, og hadde ein periode arbeidd som produksjonsdirektør ved Kleven.

Rogalendingen bur no i Son, og var den tredje direktøren som tok til ved verftet, sidan mangeårig leiar Ståle Rasmussen forsvann ut døra i november 2017.

Dramatisk melding frå eigaren
Det var i ein e-post fredag ettermiddag til kundar, samarbeidspartnarar og kreditorar opplyser DIV Group- og Kleven-eigar, Tomislav Debeljak, at tre långivarar har terminert avtalen med verftet.

Det har ført til at alle kontoane til Kleven og dotterselskapa er fryst. Styret og leiinga i Kleven stiller spørsmål ved kva juridisk rett långivarane har til å seie opp avtalen, og påpeiker at dei som følgje av dette, ikkje kan oppfylle sine finansielle forpliktingar.

Etter det NETT NO kjenner til skal det vere norske bankar og långivarar som har sett ned foten. Ifølgje Debeljak er dei tilsette ved verftet informert om situasjonen.

Fleire positive nyheiter
Før den dramatiske meldinga fredag har det kome fleire positive nyheiter for Kleven etter at Div Group og Debeljak tok over som eigarar i vinter.

Avtalar om fleire spesialskip og eitt cruiseskip med luksusbustader om bord er meldt frå verftet, som har slitt tungt økonomisk dei siste åra. Dei har også fått si første kontrakt på bygging av et offshoreskip sidan oljenedturen – eit nybygg dei overtok frå Havyard.

Les også: Kleven nær kjempekontrakt

- Heilt fantastisk om dette går i orden

Etter store underskot gjennom fleire år, forsøkte først lokale verftseigarane å berge verftet. Etterpå gjekk Hurtigruten inn som eigarar. Då Kleven var ferdig med dei to ekspedisjonsskipa MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen, ville Hurtigruten ut.

Løysinga blei kroatiske DIV Group og eigaren Tomislav Debveljak.

Kom harde skuldingar
Før avtalen om å selje verftet blei inngått, kom det fram harde skuldingar mot den kroatiske forretningsmannen frå ein EU-parlamentarikar.

Det førte til at den endelege signeringa av salskontrakta blei utsett i siste lita. Etter å ha undersøkt skuldingane, konkluderte Kleven-leiinga med at det ikkje var hald i desse.

Les også: Eigaren åtvarar mot Kleven-konkurs

Harde skuldingar mot Kleven-eigar

Fann ikkje grunnlag for skuldingar mot ny eigar

It's a great day for Kleven


Publisert: 27.06.2020 11:46

Sist oppdatert: 05.10.2021 10:40

Mer om