Tok ein dugnad for aa redde Kleven
KLEVEN: - Vi tenker likt. Her skal det byggjast stein på stein, seier Kjetil Bollestad og Hans Jørgen Fedog.
Nytt

Tok ein dugnad for å redde Kleven

Kjetil Bollestad sa opp som verftsdirektør under DIV Group, men jobba iherdig med å finne ein ny og langsiktig eigar for Kleven.

16.07.2020
- Du kan seie at eg tok ein dugnad for å bistå bustyret, seier Bollestad, som er tilbake som verftsdirektør i Green Yard Kleven.
Han er sjølv frå Sandnes, bur i Son, men føler seg sterkt knytt til verftet og dei verftstilsette på Dimnøya.
- Eg synst det var altfor galt om dette flotte verftet skulle gå over ende. Difor engasjerte eg meg også så pass sterkt, seier Bollestad.
Han rosar dei tilsette.
- Her er mange utruleg dyktige tilsette, og eg vart blant anna skikkeleg imponert over korleis ein klarde å få ferdig ekspedisjonscruiseskipet Roald Amundsen.

- Kunne ikkje fortsette

Bollestad tok eit kraftig oppgjer med kulturen i kroatiske DIV Group då han gjekk av, men seier no at det også var mange svært dyktige tilsette i den kroatiske verftsgruppa.
- Dette kunne ha vorte ei god løysing for begge partar, med stålarbeid i Kroatia og ferdiggjering ved Kleven.
- Men slik samarbeidet med toppleiinga etter kvart utvikla seg, kunne vi ikkje fortsette lenger.
Han er glad for at det til slutt var Green Yard som overtok som eigar, etter det lokale alternativet trekte seg.
- Dette er folk som har føtene godt planta på jorda. Det likar vi.

- Burde hatt flytedokk

Verftseigar Hans Jørgen Fedog seier at han og Bollestad tenker likt.
- Vi er opptatt av å byggje stein på stein, og at vi har aktivitet innanfor fleire verftsområde, ikkje berre nybygging.
- Det einaste Kleven manglar er ei flytedokk. Det burde ha vore her.
Både Bollestad og Fedog har bakgrunn som produksjonssjefar på verft, og kjenner dermed også godt verftslivet frå innsida.

Skal byggje opp

Fedog seier at han er glad og audmjuk for at ein fekk tilslaget på verftet, men vedgår at det også var mange som vart overraska i Agder då eit lokalt selskap med berre rundt 35 tilsette overtok store Kleven.
Fedog kan ikkje love mykje arbeid fort, men han lovar at dei skal vere ein langsiktig industriell eigar.
- Vi er ikkje her for å rive ned. Vi er her for å byggje opp Kleven til gamle høgder.
Når det gjeld kapitaltilgangen for å løfte større satsingar, er ikkje Fedog uroleg for det.
- Vi har godt samarbeid med fleire bankar, og vi har stor tillit.
- Eg er sikker på at vi skal finne finansiering om prosjekta er rette.
I tillegg til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebank 1 SMN, opplyser Fedog at også Sparebanken Midt-Norge og DNB er partnerar.
- Vi har stor støtte frå bankane.
Vi er ikkje her for å rive ned. Vi er her for å byggje opp Kleven til gamle høgder

Publisert: 16.07.2020 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59