Skipet Kleven eigaren omtalar som ei heit potet
FRAMLEIS UNDER ARBEID: Forsyningsskipet Kleven overtok frå Havyard i mars, blei verftet si fyrste innan offshoresegmentet sidan AHTS-serien for Maersk i oktober 2014.
Nytt

Skipet Kleven-eigaren omtalar som ei «heit potet»

PSV-en som er drege inn i striden kring framtida til Kleven, skulle eigentleg ha vore i arbeid allereie i 2016.

Marius Rosbach
01.07.2020
Eit offshoreskip som opphaveleg var bestilt av eit islandsk reiarlag i 2014, er ifølgje Kleven-eigar Tomislav Debeljak, sentralt i forhandlingane om Kleven Verft.
Div Group-sjefen peika sjølv på avtalen kring skipet som ei «heit potet» då han møtte pressa tysdag.

– Problemet ligg i kontrakten Kleven fekk frå Havyard, der Sparebank 1 SMN no har blokkert våre kontoar, utan noko juridisk grunn, sa Debeljak.
Div Group meiner mellom anna at Kleven berre skulle utføre arbeid inntil ein viss verdi, medan motparten meiner det følgjer meir forpliktingar med kontrakten. Det har også vore usemje om framdrifta ved arbeidet.
Sparebank 1 SMN vil ikkje kommentere saka til NETT NO.

Analyse:


Blei bestilt i 2014

Skipet ligg no til kai ved Kleven for utrustning og skal etter siste oppdaterte plan skal vere leveringsklart til hausten. Men opphaveleg skulle skipet vore i arbeid allereie våren 2016.

Les meir om skipet her:


Skipet vart bestilt i 2014 av Fafnir Offshore, men avtalen vart utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017. Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing Shipping kontrakten på skipet, men det blei igjen store forseinkingar ved Havyard-verftet i Leirvik i Sogn.

Opnar for å fullføre ved anna verft

I mars blei det kjent at Kleven overtok skrog- og skipsbyggingskontrakt til Kleven, som i tillegg inngjekk ny kontrakt med reiarlaget. Så langt alt vel – men no er altså bygginga av PSV-en igjen hamna i uvisse.
Debeljak opna tysdag for at bygginga kunne bli fullført ved eit anna verft i det kroatiske konsernet.
– Vi kan fullføre dette innenfor Div Group, kanskje med finansiering frå andre bankar, eller frå Div Group si side, seier han.
Onsdag påpeiker han at dei føretrekk at oppdraget blir fullført på Kleven, som allereie kjenner skipet og prosjektet.

Siste:




Nordea og Innovasjon Norge med størst pant

Det er også fleire partar rundt bordet i forhandlingane om Kleven. I si melding til kundar, samarbeidspartnarar og kreditorar fredag, opplyste Div Group-sjefen at med verftet.
NETT NO har som er den direkte årsaka til at Kleven-eigaren og bankane rauk uklare.
Det eine lånet er knytt til finansieringa av det omtala offshoreskipet, der Sparebank 1 SMN og Sparebanken Sogn og Fjordane er partar.
Det andre gjeld langtidsfinansiering av verftet. Her sitt om verftet går konkurs, med pant i alt frå driftstilbehøyr og eigedom ved Kleven. Som pantesikra kreditorar står dei først i løypa for å få innfridd sine krav ved ein eventuell konkurs.
NETT NO jobbar for å få inn nye eigarar i verftet.
Ingen av dei andre bankane, Innovasjon Norge eller GIEK har så langt ønska å kommentere saka til NETT NO.

Meir om saka:




Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Problemet ligg i kontrakten Kleven fekk frå Havyard

Publisert: 01.07.2020 17:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59