Ser ikkje korleis Debeljak kan rette opp tilliten
PÅ KLEVEN: Ordførar Knut Erik Engh då han ankom Kleven Verft før møtet tysdag. 
Nytt

Ser ikkje korleis Debeljak kan rette opp tilliten

Ulstein-ordføraren i møte med Kleven-eigaren.

Marius Rosbach
30.06.2020

Tysdag føremiddag var Kleven-eigar Tomislav Debeljak i møter på verftet. Målet med besøket til verftet Div Group-sjefen eig på Sunnmøre, er å forsøke å kome i dialog med dei norske långjevarane.

Det skal ikkje ha kome fram noko konkret nytt på eit styremøte ved verftet tidleg tysdag. Seinare møtte Debeljak også pressa.

I løpet av besøket møter den kroatiske eigaren mellom anna Ulstein-ordførar Knut Erik Engh, som ankom saman med kommunedirektør Verner Larsen ved 11.20-tida.

nettnohalf

Engh fortalde til NETT NO før besøket at Debeljak vil få klar beskjed om at han er skuffa.

– Det vi opplever no er strid med kva vi snakka saman om sist. Eg håpar at han no bidreg til ei løysing der bankane overtek, seier Engh til NETT NO før møtet.

Analyse: Debeljaks dilemma

Engh har sjølv bakgrunn frå den maritime klynga i designselskapet Marin Teknikk, og meiner Div Group-eigaren Debeljak viser ein mangel på forståing for forretningskulturen i Norge.

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh seier at han ikkje kan sjå korleis Debeljak kan rette opp tilliten som Kleven-eigar.

Etter møtet var ferdig fortalde Engh at han ikke hadde fått vite noko som fekk han til å endre syn på saka.

- Men han erkjenner at dei har ei utfordring, påpeiker ordføraren.

Verftsdirektøren trekte seg
Etter det NETT NO kjenner til, er to misleghalde lån den direkte årsaka til den dramatiske meldinga frå Kleven-eigar Tomislav Debeljak fredag. Ingen av bankane, Innovasjon Norge eller GIEK har uttalt seg om saka.

Verftsdirektør Kjetil Bollestad fortalde same kveld at han har trekt seg frå stilling - og fått beskjed om å gå. Samtidig sa han at han «vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av».

Det er i ettertid kome skuldingar om at Div Group skal ha nytta trakasserande forretningsmetodar – noko selskapet via sin norske pressetalsmann har avvist, og sagt er nye opplysningar for dei.

«Vi står fremdeles på at vi ønsker å få til en løsning med bankene slik at vi kan drive Kleven verft videre med en rekke nye prosjekter», opplyste pressetalsmann Wilskow til NETT.NO i forkant av besøket.

Sett frist til onsdag
DIV Group har stilt spørsmål ved retten bankane, Innovasjon Norge og GIEK, har for å seie opp avtalane, og som har ført til at kontoane til verft og dotterselskap er frose.

I ein e-post fredag opplyste Debeljak at styret i Kleven har sett ein frist til 1. juli med å få ei løysing på bordet. Har dei ikkje ei løysing med bankane til då, vil styret med Debeljak i spissen måtte vurderer andre løysingar, mellom anna konkurs, er det opplyst tidlegare.

Meir om saka: Kleven-eigaren på veg til verftet

– Kleven fortener betre eigarar

Kleven-eier avviser påstander om trakassering

Nordea og Innovasjon Norge i nøkkelrolle

Eigaren åtvarar mot Kleven-konkurs

Jobbar med å finne nye eigarar til Kleven

Tillitsvalt: Kollegaer ringer og spør om dei må finne seg anna jobb

DIV Group slår tilbake mot bankane

Verftsdirektøren: – Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen

Ny Kleven-eigar slo seg opp på skruar

Kleven direkte råka av koronakrisa

Publisert: 30.06.2020 10:21

Sist oppdatert: 30.10.2023 18:54