Kleven fortener betre eigarar
Nytt

– Kleven fortener betre eigarar

Maritimt Forum Nordvest og Mafoss håpar eit norsk eigarskap blir løysinga for Kleven-verftet.

Marius Rosbach
29.06.2020

Dei daglege leiarane Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest og Jan Thormodsæter i Maritim Foreining for søre Sunnmøre (Mafoss) er mellom dei som no følger spent med på utviklinga ved Kleven verft.

Mange av deira medlemmar er avhengige av hjørnesteinsbedrifta i Ulsteinvik, og begge meiner det kan vere behov for endringar på eigarsida.

– Eg meiner Kleven fortener betre eigarar. Verftet fortener eigarar som held seg til norske standardar, dei tilsette fortener eigarar som behandlar dei skikkeleg, underleverandørane fortener eigarar som er villige til å betale rekningane og kundane fortener eigarar som gjer jobben slik Kleven gjer til vanleg, seier Arnfinn Ingjerd til NETT NO.

Bakgrunnen for at han konkluderer slik, er både det som er kome fram i media, og samtaler han har hatt med personar i den maritime industrien dei siste dagane.

Fastlåst situasjon
Fredag blei det kjent at verftet er hamna i ein fastlåst økonomisk situasjon etter at fleire långivarar har terminert sine avtalar.

I ettertid er det kome opp misnøye kring forretningskulturen til den kroatiske verftseigaren DIV Group. Pressetalsmannen deira i Norge avviser påstandar om trakassering, og har opplyst til NETT NO at desse opplysningane er nye for dei.

Verftsdirektør Kjetil Bollestad har også trekt seg frå jobben og uttalte til NETT NO at han ikkje ville – eller kunne – vere del av den kulturen og operasjonen eigaren Tomislav Debeljak stod for.

Trur Kleven har ei framtid
– Eg trur Kleven har ei framtid, fordi dei har eit godt anlegg, godt omdøme og mange dyktige tilsette, seier Ingjerd.

Han fryktar likevel at det kan bli øydelagd om dagens eigarar får halde fram.

NETT NO har omtala korleis aktørar i bransjen no jobbar for å finne nye eigarar til verftet. Ingjerd kryssar fingrane for at det fører fram.

– Eg håpar at dialogen med bankane, GIEK og Innovasjon Norge fører til ei langsiktig norsk løysing, helst med lokalt tilsnitt. Det er viktig både for lokalsamfunnet og fordi vi treng større nybyggingsverft her til lands, legg han til.

Mafoss håpar på norsk løysing
Jan Thormodsæter i Mafoss er samd med Ingjerd at eit eigarskifte truleg er den beste løysinga.

– Om det som blir sagt om dei kroatiske eigarane held stikk, så håpar eg at det blir jobba for ei langsiktig norsk løysing, seier han.

Thormodsæter har tiltru til avgjersla til dei norske bankane, samen med GIEK og Innovasjon Norge, og at det er gjort på «harde fakta».

– Når situasjonen er komen så langt som det no er gjort, så håpar eg at gode krefter jobbar for å løyse dette til beste for lokalsamfunnet og verftet, seier han.

Frykter først og fremst for kompetansen
Mafoss-leiaren har inntrykk av at mykje handlar om skilnader i kultur og korleis DIV Group-eigaren Tomislav Debeljak har handtert tilliten han fekk ved kjøpet av verftet.

– Mitt inntrykk er at alt er gjort etter boka frå Kleven si side i samband med salet av verftet. Eg har også trur på at dei har evne til å sjå etter alternative løysingar i denne situasjonen, legg han til.

Thormodsæter fryktar i første rekke at kompetansen på og kring verftet forsvinn frå regionen, om det endar med konkurs.

– Vi jobbar dagleg med å sikre denne kompetansen. Her er Kleven avgjerande, mellom anna når det kjem til lærlingar og den tekniske kunnskapen. Om den kompetansen forsvinn, går det utover både konkurrentar og den maritime klynga generelt, påpeiker han.

Meir om saka: Kleven-eigaren kjem til Norge

Kleven-eier avviser påstander om trakassering

Nordea og Innovasjon Norge i nøkkelrolle

Eigaren åtvarar mot Kleven-konkurs

Jobbar med å finne nye eigarar til Kleven

Tillitsvalt: Kollegaer ringer og spør om dei må finne seg anna jobb

DIV Group slår tilbake mot bankane

Verftsdirektøren: – Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen

Ny Kleven-eigar slo seg opp på skruar

Kleven direkte råka av koronakrisa


Eg trur Kleven har ei framtid, fordi dei har eit godt anlegg, godt omdøme og mange dyktige tilsette

Publisert: 29.06.2020 15:39

Sist oppdatert: 05.10.2021 10:35