Jobbar med aa finne nye eigarar til Kleven
SLITER: Kleven-eigaren Tomislav Debeljak har åtvara om at verftet ikkje kan handtere forpliktingane sine og har frist til 1. juli med å finne ei løysing. 
Nytt

Jobbar med å finne nye eigarar til Kleven

Ei gruppe bankar saman med Innovasjon Norge og GIEK, sette ned foten i Kleven. No blir det jobba med å finne andre eigarar. 

Marius Rosbach
27.06.2020
Etter det NETT NO kjenner til, er to misleghalde lån den direkte årsaka til den fredag.
Då kom det fram at verftet ikkje klarte å handtere dei økonomiske forpliktingane sine, og at konkurs var eit alternativ om ikkje ei løysing er på bordet til 1. juli. Fredag kveld at han var ferdig i jobben.

Skipslån og langtidsfinansiering

Det eine lånet er knytt til finansieringa av -konsernet i mars. Det andre gjeld langtidsfinansiering av verftet.

Til saman er det tre bankar og to statlege aktørar involvert i dei to låna. Sparebank 1 SMN, Sparebanken Sogn og Fjordane og Nordea, skal vere samkøyrte med Innovasjon Norge og GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) om å sette ned foten ovanfor DIV Group.
NETT NO har vore i kontakt med banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN og kommunikasjonssjef Allon Groth i GIEK. Ingen av dei vil kommentere saka laurdag. NETT NO har heller ikkje lukkast å få ein kommentar frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Ønskjer å unngå konkurs

Etter det NETT NO kjenner til, har verken bankane, GIEK eller Innovasjon Norge noko mål om å avvikle Kleven.
I staden jobbar no andre aktørar med å finne nye eigarar til verftet – inkludert eit norsk eigarskap.
Før kroatiske DIV Group kom inn om eigarar i vinter, blei det også diskutert andre løysingar. Ein av dei var at den dåverande leiinga ved verftet overtok drifta ei periode. Sidan då har både administrerande direktør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse slutta i sine jobbar.
Etter det NETT NO forstår skal bakgrunnen for forslaget, ha vore at fleire av partane var skeptiske til DIV Group som eigarar.

Les også:



Kleven har vore i hardt ver dei siste åra, etter store underskott. Den lokale eigarskapen i Kleven, forsvann då Hurtigruten tok over verftet for å sluttføre to ekspedisjonsskip. I fjor blei det spekulert i fleire kjøparar, til det blei klart at DIV Group kom inn i januar.

Verftet viktig for mange i klynga

Svært mange i den maritime klynga i regionen kring verftet i Ulsteinvik er avhengig av korleis det går for Kleven. Den siste utviklinga blir følgt med spenning mellom mange utstyrsleverandørar og andre som gjer oppdrag for Kleven.

Ein av dei mest trufaste samarbeidspartnarane gjennom ei årrekke er Hareid Group/Hareid Elektriske. Konsernet har også tidlegare vore mellom fleire lokale eigarar ved Kleven og Myklebust-verfta.
Administrerande direktør Karsten Sævik kjenner også Kleven godt som tidlegare direktør ved verftet.
Sævik kryssar fingrane for at det tradisjonsrike verftet held seg flytande.
– For Hareid Elektriske er Kleven svært viktig. Vi feirar 70-årsjubileum i år, og i mange av desse åra har det vore eit tett samarbeid med Kleven. Det er no viktig å finne ei god løysing, til det beste for Kleven, dei tilsette og samfunnet rundt, seier han i ein kommentar til NETT NO.

Meir om saka:


Tillitsvalt:


Verftsdirektøren:




Det er no viktig å finne ei god løysing, til det beste for Kleven, dei tilsette og samfunnet rundt

Publisert: 27.06.2020 15:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59