Debeljaks dilemma
PRESS: Tomislav Debeljak (til høgre) kom inn som kjøpar og redningsmann i Kleven Verft tidleg i mars. No er han og hans selskap under press for å finne ei løysing med bankane.
Nytt

Debeljaks dilemma

Tomislav Debeljak har sett hardt mot hardt i møte med Kleven Verft sine norske långivarar. Ei løysing er ikkje enkel for nokon av partane.

Administrator
29.06.2020
ANALYSE1. juli er tidsfristen for ei avklaring, i følgje ein e-post den kroatiske verftseigaren sende ut til kundar og leverandørar fredag 26. juni. Har han ikkje ei løysing med bankane då vil styret i Kleven Verft måtte vurderer andre løysingar, mellom anna konkurs.Fristen er sett av Debeljak sjølv. Den må difor sjåast på meir som ein del av eit forhandlingsutspel enn ein absolutt frist, men fortel uansett at det haster med ei avklaring.Når bankane har stengt krana er det uansett ikkje råd for verftet å drive lenge.Mykje tyder på at det har oppstått ei tillitskrise mellom bankane og Tomislav Debeljaks Div Group. Div Groups pressetalsmann har sagt at selskapet meiner bankane ikkje har grunnlag for å avbryte låneavtalane, og at Div Group har oppfyllt alle krav.Det er ein kommentar som forsiktig sagt underbyggjer at tilliten mellom partane ikkje er den beste.At tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad går offentleg ut og seier at han «vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av», er også uvanleg sterk kost. No er han ute, og tidlegare i vår slutta også Ola Beinnes Fosse som finansdirektør. Dermed er dei to mest sentrale personane som bankane har kjent i samband med refinansieringa og salet av Kleven Verft ute.Å rette opp at tapt tillit er neppe gjort i ei handvending, sjølv om Div Group seier det er målet. Dilemmaet for Debeljak er dermed kor hardt han kan stå på sitt og prøve å få bankane til å opne for kreditt igjen.Å eventuelt få avgjort i retten om Div Group har rett, og at bankane ikkje hadde grunnlag for å avslutte låneavtalen, er ikkje eit alternativ. Kleven Verft kan ikkje drivast vidare i påvente av avgjerd i ei slik sak. Det ville i så fall bli snakk om ei erstatningssak, der dommen først kjem lenge etter at verftet er konkurs.Eit anna alternativ er at Debeljak klarer å skaffe anna finansiering, som kan overta etter Nordea, Innovasjon Norge og Sparebank1 SMN-syndikatet. Går han for ei slik løysing må ha truleg prøve å kjøpe seg tid - men å klare det innan 1. juli er lite sannsynleg.Det tredje alternativet er at situasjonen blir verande fastlåst og at styret i Kleven Verft ber om at det blir opna konkurs i verftet.I så fall vil truleg bankane, i samarbeid med bustyret, halde fram drifta på dei prosjekta som er i gang og forsøke å få nye eigarar til å ta over for å prøve å minimere tapet.Konkursalternativet kan gi ei lang periode med uvisse for framtida til Kleven Verft, og fare for at mange dyktige folk finn seg anna arbei. Nett no ser det ut til at uvissa er stor også som eit dotterselskap i Div Group. Eit siste alternativ er at Debeljak lar nokon kjøpe ut Div Group frå verftet. Det kan bidra til ei raskare løysing, der nye eigarar kjem inn. Då blir det eit spørsmål om pris og kva forpliktingar som skal følge med til ein ny eigar. Det gjenstår å sjå kva for strategi den kroatiske forretningsmannen vil gå for. Noko av svaret kjem kanskje allereie tysdag, då verftseigaren er venta å kome til Kleven.

Meir om saka:

Tillitsvalt:

Verftsdirektøren:


Publisert: 29.06.2020 17:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59