Vil legge maritimt press paa regjeringa
ULSTEINVIK: Ap-leiar Jonas Gahr Støre, lokalpolitikar - og Ulstein Verft-tilsett - Hanne Notøy og fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen under møtet i Ulsteinvik.
Nytt

Vil legge maritimt press på regjeringa

Ap-leiarane langs kysten vil ha tiltak i storleiken 2,5 milliardar årleg til maritim næring. Ap-leiar Jonas Gahr Støre vil ikkje binde seg til eit tal.

Marius Rosbach
15.10.2020

Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre var torsdag på Sunnmøre, der han mellom anna møtte representantar frå den maritime næringa i Ulsteinvik.

Bakteppet for besøket er ei sterk uro i industrien om følgjene av koronapandemien. Medan regjeringa la fram eit forslag til budsjett utan nye større tiltak for bransjen, har fleire av opposisjonspartia ønska seg sterkare lut for å få fart på den maritime næringa.

Vil ikkje binde seg til tal
Støre er også klar på at Ap vil ha meir hjelp til bransjen. Fylkesleiarane langs kysten ønsker at partiet skal gå inn for ei omstillingspakke på kring 2,5 milliardar i året i tråd med eit forslag frå CGE Blue Maritime (lenke til PDF-fil).

Partileiaren ville ikkje binde seg til eit slikt tal torsdag.

– Vi har ikkje landa dette enno og jobbar no med vårt alternative budsjett. Men vi lyttar til partane ute i arbeidslivet og vi skal legge stor vekt på det. Samtidig må vi gjere det innafor rammene som finst. Eg vil ikkje binde meg til eit tal, men meiner at vi heilt klart må opp i høve det som ligg i budsjettforslaget i dag, seier Støre til NETT NO.

Fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal Ap fortel at han vil kjempe for å overtyde resten av partiet om behovet:

– Vi meiner det seier noko om storleiken på det som trengst til maritim sektor. Det trengst kring ti milliardar dei neste fire åra for å få bransjen gjennom denne krisa, seier Kjølmoen til NETT NO.

– Vil legge press på dei andre partia
Støre viser til at Ap i sitt alternative budsjettvil gå inn for ein meir aktiv næringspolitikk. Deira forslag vil naturleg nok ikkje få fleirtal i Stortinget, og no er det Frp som skal i forhandlingar med regjeringa.

– Men vi kan vise at det er mogleg med ein anna veg enn den regjeringa står for. At eg er her i dag viser også at vi er opptekne av det, og det vil legge eit press på dei partia som skal lage eit budsjett, seier han.

Han har også fått med seg uroa ved Ulsteinvik-avdelinga til Kongsberg Maritime, og ville ta med seg bekymringa.

Diskusjon om minesveiparar
Frps Sylvi Listhaug har sagt at dei vil stille krav på det maritime området i forhandlingane med regjeringa. Det første dei vil til livs, er forslaget om å endre nettolønnsordninga for sjøfolk. Her har dei fått støtte frå både Ap og Senterpartiet.

Framstegspartiet har tidlegare også ønska å framskunde bygging av opptil fem minesveiparar, men Listhaug ville ikkje vere konkret på dette punktet då ho snakka med NETT NO førre veke.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre seier partiet vil ha ei modernisering av Forsvaret sin flåte, men han vil la det vere opp til dei kva for fartøy som trengst.

– Vanguard er eit konsept som Kongsberg har utvikla, og tilbyr som eit mogleg prosjekt til marinen. Så er eg oppteken av at Forvaret må uttale seg om saka, seier han.

Då næringsministeren var på besøk i Ulsteinvik i starten av månaden, kom det fram at Forsvaret først treng ei bevilling på kring ein halv milliard for å planlegge dette prosjektet.

Spent på langtidsplanen for Forsvaret
Støre viste til at langtidsplanen for Forsvaret blir lagt fram fredag. Han meiner at det må «ligge inne konkrete kapasitetar» her, og at den førre planen var for svak. Han er spent på kva som kjem i den nye versjonen.

– Er det raskt nok for å skape aktiviteten som blir etterlyst i den maritime næringa?

– Ja, det er spørsmålet – men vi treng også forskingsskip. Så har vi andre kjente verkemiddel som til dømes kondemneringsordning av skip som skiftes ut, seier han.

Partileiaren vil generelt ha ein stat som er meir aktiv ovanfor næringa både til å stille krav og kome med tiltak.

– Då tenker eg på å støtte utvikling av ny teknologi og bidra til å senke utsleppa. Då slår vi fleire fluer i ein smekk, seier han.

Les også: Orten og Reiten vil gi meir maritim krisehjelp

Listhaug om budsjettforslaget: – Heilt krise

MAFOSS: – Det er no vi kan sikre denne industrien

Meiner forslaget forsterkar krisa i maritim næring

Analyse: Lei av festtalar om maritim næring

Slik er reaksjonane på statsbudsjettet


Eg vil ikkje binde meg til eit tal, men meiner at vi heilt klart må opp i høve det som ligg i budsjettforslaget i dag

Publisert: 15.10.2020 23:14

Sist oppdatert: 14.09.2021 09:58