Det er no vi kan sikre denne industrien
BER OM KRISEHJELP: Den maritime industrien har vore tydelege på at det hastar med krisehjelp som kan gi meir aktivitet - om ikkje fleire arbeidsplassar skal gå tapt. 
Nytt

– Det er no vi kan sikre denne industrien

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett haustar ris og ros frå MAFOSS og CGE Blue Maritime Cluster. Mest det første.

Marius Rosbach
07.10.2020
Onsdag blei regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år lagt fram. Som venta var det ingen større krisetiltak til den maritime industrien – som har vore eit unisont krav frå næringslivet på Nordvestlandet.
– Det som er av tiltak blir vidareført, eller styrka litt – men det er ikkje noko nytt. Slik sett er vi skuffa, seier dagleg leiar Jan Thormodsæter i Maritim Forening for søre Sunnmøre (MAFOSS) til NETT NO.

– Om vi ventar vil folk søke seg vekk

Då næringsminister Iselin Nybø nyleg var på Sunnmøre fekk ho innspel frå ei lang rekke maritime bedrifter. Ho ga samtidig uttrykk for at , mellom anna for å sjå konsekvensane av krisehjelpa det allereie er løyvd pengar til.
MAFOSS-leiar Jan Thormodsæter meiner ei slik haldning ikkje er fornuftig.
– Det er mange prosjekt som likevel kunne ha vore sett i gong, og som er gryteklare. Det handlar om å sikre at vi har kompetansen tilgjengeleg i framtida. Det er no vi kan sikre denne industrien, seier han.
Han peiker på ombygging av supplyskip-flåten i Nordsjøen til meir klimavennleg drift, som eit tiltak. Om det ikkje kjem tiltak som sikrar aktivitet, fryktar han at verft på Nordvestlandet vil slite å få tak på dei ulike fagarbeidarane og ingeniørane om nokre år.
– Om vi ventar vil folk søke seg vekk, og dei kjem ikkje tilbake, trur Thormodsæter.

Lyspunkt, men «smurt tynt utover»

Thormodsæter trekk fram regjeringa si satsing på kompetansetiltak som eit lyspunkt. Det gjeld fleire studieplassar, mellom anna ved høgare yrkesfagleg utdanning – som Industrifagskolen.
Hovudinntrykket til MAFOSS-leiaren er likevel at det er «smurt tynt utover», og at det garantert ligg an til diskusjonar i Stortinget om korles det endelege budsjettet blir.
– Satsinga på verft og styrking av den maritime industrien som har så store ringverknader, er liten i høve til kva som har vore lagt fram av innspel frå næringa, seier han.

Positivt med klyngesatsing for eksport

Kommunikasjonssjef Frank Støyva Emblem i klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime Cluster fortel at han finn nokre positive saker i budsjettforslaget.
– 100 millionar til hydrogensatsing er til dømes eit tiltak som nokre dra nytte av, men generelt hadde vi ønska oss større summar, seier han til NETT NO.
Satsinga på meir eksport – der – er også bra, meiner han.
– Her kjem vi til å jobbe bevisst for å få ei rolle i det arbeidet. Det er veldig viktig for Møre og Romsdal, som den leiande eksportregionen målt per innbyggjar, seier Støyva Emblem.
Han meiner det er på høg tid at Norge får ei meir tydeleg strategi for korleis eksporten skal aukast.
– Det er uansett eit positivt signal, og det er bra at dei tek med seg næringsmiljøa som har kompetanse på dette med eksport, i dette arbeidet. Men også her skulle vi gjerne sett ei kraftigare satsing, legg Støyva Emblem til.

Få oversikt:




Om vi ventar vil folk søke seg vekk, og dei kjem ikkje tilbake

Publisert: 07.10.2020 12:03

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:34