Vil gi meir maritim krisehjelp
SKUFFA MED BUDSJETTET: Næringsminister Iselin Nybø og regjeringa skuffa den maritime næringa med forslaget til statsbudsjett. Stortingsrepresentantane Helge Orten (oppe t.h.) og Steinar Reiten (nede t.h.) frå regjeringspartia Høgre og KrF, vil jobbe for meir midlar. 
Nytt

Vil gi meir maritim krisehjelp

Steinar Reiten (KrF) deler frustrasjonen til den maritime næringa og Helge Orten (H) seier bransjen «heilt klart» blir hyppig diskutert i kampen om tiltak.

Marius Rosbach
09.10.2020
Frustrasjonen har vore stor både i den maritime industrien og reiselivet, etter at regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett. Næringsforeningen – Ålesundregionen arrangerte fredag eit digitalt innspelsmøte med Mørebenken på Stortinget.
Krf-politikar Steinar Reiten lova at han hadde snakka varmt om den maritime næringa, og ville halde fram med det.
– Eg både forstår frustrasjonen, og deler ein god del av den sjølv, sa han under møtet.
(les fleire saker om statsbudsjettet under)

– Har blitt lagt merke til

Ingen av politikarane frå Mørebenken ga i møtet uttrykk for at dei ville støtte nokre av dei konkrete forslaga frå den maritime industrien.
Reiten, som er saksordførar for den maritime meldinga som kjem til Stortinget i haust, rosa likevel arbeidet den maritime klynga på Nordvestlandet hadde gjort med å påverke.
– Det har blitt lagt merke til at ein har samla seg om nokre prioriterte tiltak, som ein ber om respons på. Det er gjort ein godt jobb spesielt av Maritimt Forum og NHO i Møre og Romsdal, med å få eit spissa og kortfatta bodskap, sa Reiten.
Han viste til at det i vekene framover ville kome alternative budsjett frå dei andre partia og påfølgjande forhandlingar.

Orten: – Jobbar no med meir målretta tiltak

Helge Orten (H) deltok i møtet og seier seg samd i at det trengst meir krisehjelp, både til maritime næringar og reiselivet.
– Vi må nok ha fleire rundar på dette framover knytt til enkeltbransjar. Vi jobbar no med meir målretta tiltak, sa Orten.
Til NETT NO etter møtet påpeiker han at maritim industri «heilt klart» er mellom bransjane som vil bli hyppig diskutert framover. Spesielt utsett, meiner han er dei store verfta som i løpet av dei siste åra har lagt om frå offshore til cruisemarknaden.
– Det er behov for tiltak for verft og reiarlag. Vi kan heilt sikkert gjere forbetringar her, men vi kan ikkje erstatte marknaden. Vi må framleis jobbe langsiktig med omstilling og kompetansebehov, sa Orten.
Høgrepolitikaren viser også til at regjeringa kjem med nemnte stortingsmelding for maritime næringar i haust.

– Er eigentleg litt forskrekka

Under det digitale møtet deltok dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest. Han har vore mellom , og meiner det vil forverre krisa for maritim næring.
– Ei samla maritim næring er eigentleg litt forskrekka, sa Ingjerd om at det ikkje har noko nye tiltak for bransjen – og viste til at det iallfall ikkje har mangla på innspel.
Ingjerd har rekna ut at den maritime krisehjelpa regjeringa fekk gjennom på Stortinget med støtte frå Frp i sommar - utgjorde ein promille av den årlege omsetninga til næringa.
– Det er ikkje styresmaktene som skal redde næringa, men det er ei forventing om at ein bidreg med meir enn ein promille, sa han – og utfordra politikarane frå fylket på om det ville kome ei krisepakke retta mot dei maritime næringane.

Les også:


Synspunkt:


Fleire seier nei til nettolønnsendring

Maritimt Forum er også kritiske til endringane i nettlønnsordninga for norske sjøfolk, men her har både Framstegspartiet, Senterpartiet og Arbeidarpartiet vore klare på at dei ikkje vil seie ja til forslaget.
Ap-politikar Else-May Norderhus tok til orde for ei «meir offensiv innretning» på statsbudsjettet, og trakk fram karbonfangst, havvind og hydrogen som tre viktige satsingar for industrien.
– Eg rår regjeringa sine støttespelarar om å sjå kva tiltak som kan leggjast inn for å berge maritim sektor, sa Norderhus.

Listhaug: – Frp vil stille krav

Sylvi Listhaug (Frp) skal leie forhandlingane, og har vore klare på at partiet vil ha meir krisehjelp til maritim næring. Heller ikkje ho har vore konkret på kva – men gjentok i møtet fredag at dei ville ha tydelege krav.
– Når det gjeld reiselivet, så veit vi at det var ein bra sommar – men det har vore stille både før, og etter. Her veit vi at mange har tøffe tider, sa Listhaug.
Allereie torsdag sa Listhaug til NETT NO at auken i nettolønnsordninga ikkje var akseptabel. Tonen mellom Frp og regjeringspartia har likevel vore dempa, og Reiten repliserte til Listhaug at han meinte det burde vere eit godt utgangspunkt for forhandlingar.

Alt om statsbudsjettet:




Listhaug om budsjettforslaget:




Mafoss:





Eg både forstår frustrasjonen, og deler ein god del av den sjølv

Publisert: 09.10.2020 16:03

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:44