Slik er reaksjonane paa statsbudsjettet
IKKJE MEIR KRISEHJELP NO: Næringsminister Iselin Nybø har ikkje lagt inn noko større krisepakke til maritim industri i forslag til statsbudsjett neste år. 
Nytt

Slik er reaksjonane på statsbudsjettet

Maritim industri og reiselivet er skuffa - sjå dei viktigaste tiltaka og nøkketal. 

Marius Rosbach
08.10.2020
(sjå lenker til pressekonferanse og tiltak for Møre og Romsdal og Vestland fylker under)

Alt om statsbudsjettet:



Listhaug om budsjettforslaget:




Mafoss:





Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett som blei lagt fram onsdag, får blanda mottaking. Maritim industri og reiseliv er mellom næringane på Nordvestlandet som er hardast råka av koronakrisa - og her er dei skuffa over budsjettet.

Næringa håpar på opposisjonen

Detat det ikkje kom noko større krisehjelp til maritim industri i . Det har vore eit massivt krav frå fylka langs kysten av Vestlandet, etter at bestillingar av nye skip har tørka inn som følgje av koronapandemien.
Både og Maritimt Forum Nordvest, var kritiske til omfanget av krisehjelp som kjem den maritime industrien til gode.
– No må vi sette vår litt til opposisjonen. Her har vi fått signal om at dei vil bakke oss opp på ein heilt anna måte, sa dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i om forslaget.
Ikkje lenge etter, kunneat Framstegspartiet ville ta tak i dette - utan at ho ville vere konkret på kva tiltak dei gjekk for.

Tiltak for maritim næring

Fleire av dei drygt som blei lagt ut på regjeringen.no klokka 10, peiker likevel på tiltak som kjem dei maritim næringane til gode.
  • Regjeringa innan sjøfart og maritime næringar. Her kjem til 180 millionar meir til låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar.
  • Låneordninga for grøn flåtefornying av skip i nærskipsfart vidareførast med 600 millionar kroner
  • Grønt Skipsfartsprogram vidareførast med 25 millionar kroner.
  • Regjeringa vil bruke .
  • Hydrogensatsinga blir med særleg vekt på arbeidet med å lage knutepunkt og leverandørkjeder.

Ein rekke andre tiltak vil også kome dei maritime næringane til gode indirekte. Til dømes ei satsing på til saman retta mot næringslivet.
Endringar i formueskatten vil også vere godt nytt for mange bedriftseigarar. Samtidig blir det for sjøfolk med eit nytt makstak, som vil slå negativt ut for reiarane.

NHO Reiseliv skuffa

Reiselivet er ei anna næring på Nordvestlandet som er råka hardt av koronakrisa. NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold er skuffa over at regjeringa foreslår å stramme inn krisehjelpa til næringa.
Ho viser til at beløpet som er sett av til ei ny kompensasjonsordning er halvert i haust, samanlikna med første halvår. I tillegg blir det høgare moms for reiselivet.
– Finansministeren seier det viktigaste målet er å sikre arbeidsplassar. Det klarar han ikkje utan å redde reiselivsnæringa gjennom koronakrisa - og då må hardare lut til, seier Krohn Devold i ei

Kjem ikkje i 2021 heller

Monja Mjelva ved Hotel Union Geiranger etterlyste ei avklaring om støttetiltaka for reiselivsnæringa på eit møte om statsbudsjettet i Ålesund onsdag ettermiddag. Den fekk ho ikkje frå stortingsrepresentant Helge Orten (H) som presenterte statsbudsjettet på møtet.
Mjelva kunne samtidig fortelje at turoperatørar frå USA, Australia og Asia - som utgjer over halvparten av inntektene til hotellet frå utanlandske gjestar - ikkje kjem neste år heller.
- Alle gir beskjed om at i 2021, kjem vi ikkje tilbake,

Mjelva

:

Nøkkeltal i budsjettet:


  • Regjeringa foreslår å bruke 313,4 oljemilliardar neste år – 90,9 milliardar mindre enn i år. Dermed er regjeringa tilbake til å følge handlingsregelen ved å bruke tre prosent av det Statens pensjonsfond utland.
  • Statsbudsjettforslaget som no blir lagt fram, inneber likevel eit 1 prosent løft for norsk økonomi i 2021, når ein korrigerer for koronatiltaka.
  • Regjeringa påpeiker at innhentinga har gått raskare enn dei hadde sett føre seg i mai, men at aktivitetsnivået truleg vil vere lågare enn normalt i lang tid framover.
  • Veksten i fastlands-BNP i 2021 blir rekna å bli 4,4 prosent neste år, etter et anslått fall på 3,1 prosent i 2020.
  • Regjeringa meiner også at arbeidsløysa vil gå ned frå 4,9 prosent i 2020 til 3,1, prosent neste år, ifølgje nøkkeltala som blei lagt fram først.





Publisert: 08.10.2020 09:58

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:36