Listhaug om budsjettforslaget Heilt krise
VIL HA MEIR: Sylvi Listhaug (Frp) vil ha meir krisehjelp til dei maritime næringane. Her er ho under eit besøk på Hareid tidlegare i år, saman med mellom andre Ulstein-ordførar Knut Erik Engh. 
Nytt

Listhaug om budsjettforslaget: – Heilt krise

Frp-toppen er ikkje imponert over kva regjeringa gjer for den maritime klynga i statsbudsjettet – og eitt tiltak er det heilt uaktuelt for partiet å gå med på.

Marius Rosbach
07.10.2020
Sjå fleire saker om statsbudsjettet under
Stortingspolitikar Sylvi Listhaug (Frp) lovar at partiet vil ta tak i situasjonen for dei maritime næringane i forhandlingane om statsbudsjettet framover. Ei endring ho med ein gong kan seie at Frp ikkje vil gå inn for, er om å legge tilbake eit tak i nettolønnsordninga for sjøfolk.
– Det er kjempeviktig for oss å sikre norske sjøfolk og då gjer regjeringa vondt verre ved å foreslå å svekke heile ordninga. Då er ikkje det akseptabelt, seier Listhaug til NETT NO.
Også til dette forslaget, og meiner det gjer at budsjettforslaget frå regjeringa vil forsterke krisa i den maritime industrien.

– Eit område Frp vil ta tak i

Listhaug viser til at Frp-ordførar Knut Erik Engh i Ulstein er mellom dei som er aktive med å informere partiet om kvar skoen trykker for dei lokale bedriftene.
– Det handlar om tusenvis av arbeidsplassar som er utsett både verfta, underleverandørar og sjøfolk, i heile den maritime klynga, held ho fram.
Frp-politikaren påpeiker at partiet no skal i gong med å lage sitt alternative budsjett. Men i utgangspunktet er ho kritisk til at det ikkje ligg inne sokalla aktivitetsfremmande tiltak for maritime bedrifter.
– Vi kan ikkje sjå at det ligg noko i budsjettet til regjeringa som vil bidra til at den maritime næringa får meir å gjere. Det er heilt krise – og eit område Frp vil ta tak i, seier ho.

Vil sjå på innspela frå næringa

Tidlegare har , men Listhaug vil ikkje vere konkret på kva forslag dei vil gå for i forhandlingane.
– Vi kjem tilbake til detaljane. No vil vi sjå konkret på innspela frå næringa og kva som er viktigast for dei, seier ho.
Frp har allereie vore klare på at dei ikkje vil vere med på regjeringa si milliardsatsing på karbonfangst og -lagring. Listhaug meiner den økonomiske risikoen i prosjektet er for høg og forstår ikkje prioriteringa.
– Når ein finn milliardbeløp til eit slikt prosjekt, men null og niks til maritim næring - arbeidsplassar som er her i dag, og kan reddast – så er vi skuffa, seier ho.

Skipstunnelen: – Begynner å bli ein parodi

Allereie før budsjettforslaget blei lagt fram, blei det klart at det . Listhaug si partifelle Jon Georg Dale var kjapt ute med å love at partiet vil jobbe for å få inn dei nødvendige millionane.
– Eg håpar at vi får med oss heile partiet på det kravet. Tidlegare har Frp vore tydelege på at vi står bak ei bygging av skipstunnelen. Det begynner å bli ein parodi med alle utgreiingane, og no må det snart bli ein slutt på det, seier Listhaug til NETT NO om samferdselsprosjektet.

Meir om statsbudsjettet: Ingen




Mafoss:







(ekstern lenke)
(ekstern lenke)
No vil vi sjå konkret på innspela frå næringa og kva som er viktigast for dei

Publisert: 07.10.2020 15:12

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:35