Harde skuldingar mot ny Kleven eigar
SAMDE MED KROATISK EIGAR: Etter lengre tid med usikkerheit landa administrerande direktør Kjetil Bollestad (t.v.) og finansdirektør Ola Beinnes Fosse nyleg avtalen om at DIV Group går inn som ny eigar av Kleven. 
Nytt

Harde skuldingar mot ny Kleven-eigar

Påstandar om dårleg økonomi og misleghald av avtaler frå EU-politikar, gjer at Kleven gjer undersøkingar kring ny eigar. Den kroatiske eigaren sjølv har gått til søksmål etter skuldingane.

Marius Rosbach
18.02.2020

I eit brev til Kleven verft og fleire andre personar i lokalsamfunnet i Ulstein kjem det harde skuldingar om korleis den nye Kleven-eigaren Tomislav Debeljak driv forretningar.

Brevet kjem frå den kroatiske EU-parlamentarikaren Ivan Vailibor Sincic, som mellom anna hevder at økonomien i Debeljak sine verksemder Div Group og verftskonsernet Brodosplit, ikkje er så god som selskapa gir uttrykk for. Fleire av påstandane frå politikaren som tilhøyrar det ferske partiet «Human Shield», er omtala i kroatiske media – og tilbakevist frå Div Group.

– Vi har vore kjent med at det har vore uenigheter rundt privatiseringa og omstrukturering av kroatiske verft, seier verftsdirektør Kjetil Bollestad i Kleven verft til NETT NO.

Gjer eigne undersøkingar
Etter brevet frå Sincic har Kleven likevel valt å undersøke innhaldet nærare.

– Det er både naturleg og nødvendig at eigarane gjer ei grundig gjennomgang av dei moglege nye eigarane og eigarkonstellasjonar i verftet, av omsyn til den vidare drifta og omdømme til verftet. Ei slik gjennomgang gjerast no av advokatfirmaet Selmer. Om skuldingane representerer realitetar, og om dette er høve som bør få betydning for Kleven, er blant vurderingane som gjerast, opplyser Bollestad.

– Det er jobba knallhardt dei siste dagane, og så langt har vi ikkje funne noko som gir grunn til å feste lit til påstandane, påpeiker han.

Kleven-leiinga reknar med å ha ein førebels rapport på bordet innan få dagar, men verftsdirektøren har tru på samarbeidet med Brodosplit-eigarane.

Les også: Brodosplit-eigar inn i Kleven

Ny Kleven-eigar slo seg opp på skruar

- Kjempegledeleg at nokon vil kjøpe norske verft

Har gått til søksmål mot politikaren
NETT NO har fått oversendt eit brev der Brodosplit eierene gir Kleven svar på skuldingane. Her avvisar Tomislav Debeljak alle påstandane i brevet som er sendt til fleire i lokalsamfunnet - mellom anna Ulstein-ordføraren.

nettnohalf

Her går det også fram at Debeljak mistenker EU-politikaren saman med sin partner Vladimira Palfi angrip Div Group på vegner av ein konkurrent – og at målet er å skade konsernet.

I brevet blir det vist til at selskapa gjentekne gonger har informert styresmaktene i rapportar som har vist seg å vere «presise og sanne», som svar på skuldingane.

– For å unngå ytterlegare skade for våre forretningar, er vi tvunge til å gå til rettslege, heiter det.

NETT NO snakka tysdag med kommunikasjonsansvarleg Josip Jurišić i Div Group, som stadfestar at dei har gått til søksmål mot Sincic, og at dei ventar på at saka skal kome inn for ein domstol.

Forsikrar gode intensjonar
I brevet til Kleven skriv Tomislav Debeljek på at Sincic sitt parti har ein anarkistisk og valdeleg ideologi, med ein liten tilhengjarskare.

Han meiner angripa frå Sincic må kome av manglande forståing for skipsbygging, privatiseringsprosessar og konkurransereglar generelt.

Avslutningsvis i brevet forsikrar Debeljek at Div Group har dei beste intensjonar, og at han ikkje trur skuldingane vil skade den pågåande overtakinga av Kleven verft.

Leverte gode tal
NETT NO omtala nyleg 2018-resultata til Div Group, som viste ei omsetning på knappe 1,7 milliardar kroner og eit resultat før skatt på 107 millionar. Eigenkapitalen var ved utgangen av det året på vel 2,5 milliardar kroner, og gjelda på vel 2,1 milliardar.

Sidan 2013 har DIV Group vore eigar av Brodosplit, det største skipsverftet i Kroatia. 2018 var det siste året i ein femårig restruktureringsplan for verftet som DIV Group overtok frå staten. Grepet har vore omdiskutert, men DIV Group viser mellom anna i rekneskapen at dei har oppfylt alle vilkåra som låg til grunn for overtakinga av verftet i Split.

Det er venta at Kleven og det kroatiske verftet skal samarbeide om ulike prosjekt framover, som følgje av at den nye eigaren formelt overtek i løpet av kort tid.

Les også: Tage og kring 50 andre har likevel jobb

–Trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i året som kjem

– Trur ikkje nokre norske har den kapitalen som trengst

2018-resultatet: Kleven ser lysning etter tungt fjorår

Bakgrunn: Startar «nye Kleven» for å sikre framtida


Publisert: 18.02.2020 13:54

Sist oppdatert: 18.11.2023 19:53