Fann ikkje grunnlag for skuldingar mot ny eigar
HAR UNDERSØKT: Styreleiar og finansdirektør Ola Beinnes Fosse (t.h.) og administrerande direktør Kjetil Bollestad ved Kleven verft, kunne allereie onsdag gå ut med at dei ikkje hadde funne noko som gir grunn til uro for den nye eigaren av verftet. 
Nytt

Fann ikkje grunnlag for skuldingar mot ny eigar

Undersøking frå advokatane avdekka ikkje noko som gir grunn til uro hos Kleven verft. No ventar dei snart besøk frå den nye eigaren.

Marius Rosbach
20.02.2020

Rapporten frå advokatkontoret Selmer om påstandane frå EU-parlamentarikaren Ivan Vilibor Sincic, har ikkje gitt Kleven grunn til å tru på påstandane.

Det opplyser styreleiar Ola Beinnes Fosse ved Kleven verft til NETT NO onsdag ettermiddag.

– Vi hadde eit møte med advokatane i dag. Dei har sett på dei mest alvorlege påstandane, og ikkje funne at det er noko hald i det, seier Fosse til NETT NO.

Bakgrunn: Harde skuldingar mot ny Kleven-eigar

Alvorlege påstandar
Det var i eit brev til Kleven verft og ein rekke personar i lokalmiljøet, som den kroatiske politikaren sette fram alvorlege skuldingar mot DIV Group-eigaren Tomislav Debeljak.

I hovudsak gjekk skuldingane ut på at DIV Group og verftskonsernet Brodosplit, ikkje har så god økonomi som det blir gitt uttrykk for. Sincic hevdar også at Brodosplit-eigaren har brote avtalar om bruk av EU-midlar og meir alvorlege påstandar om korrupsjon.

– Vi må ta det alvorleg, men vi har ikkje funne noko som gjer oss urolege, seier Fosse.

Finansdirektøren skulle helst ha slept arbeidet dei har gjort sidan brevet kom i førre veke. Samtidig ser han det som ein fordel at verftet no har fått moglegheit til å gå ei ekstra runde for å undersøke den nye eigaren.

Ventar snart besøk av Debeljak
Dei formelle transaksjonane for eigarskiftet er ikkje gjennomført. Kjøpssummen kroatane betalar for det norske verftet, er ikkje kjent.

Fosse fortel at dei har planar om å fullføre papirarbeidet i løpet av månaden.

Kring månadsskiftet februar-mars er det også venta at Tomislav Debeljak tek turen til Sunnmøre for å helse på tilsette ved verftet, presse og andre i lokalmiljøet.

Les også: Brodosplit-eigar inn i Kleven

Ny Kleven-eigar slo seg opp på skruar

- Kjempegledeleg at nokon vil kjøpe norske verft

Har gått til søksmål
NETT NO fekk tysdag oversendt eit brev der Brodosplit eierene gir Kleven svar på skuldingane. Her avvisar Debeljak alle påstandane i brevet.

Her går det også fram at Debeljak mistenker at EU-politikaren saman med sin partner Vladimira Palfi, angrip Div Group på vegner av ein konkurrent – og at målet er å skade konsernet.

I brevet blir det vist til at selskapa gjentekne gonger har informert styresmaktene i rapportar som har vist seg å vere «presise og sanne», som svar på skuldingane.

NETT NO snakka tysdag med kommunikasjonsansvarleg Josip Jurišić i Div Group, som stadfestar at dei har gått til søksmål mot Sincic, og at dei ventar på at saka skal kome inn for ein domstol.

Leverte gode tal
NETT NO omtala nyleg 2018-resultata til Div Group, som viste ei omsetning på knappe 1,7 milliardar kroner og eit resultat før skatt på 107 millionar. Eigenkapitalen var ved utgangen av det året på vel 2,5 milliardar kroner, og gjelda på vel 2,1 milliardar.

Sidan 2013 har DIV Group vore eigar av Brodosplit, det største skipsverftet i Kroatia. 2018 var det siste året i ein femårig restruktureringsplan for verftet som DIV Group overtok frå staten. Grepet har vore omdiskutert, men DIV Group viser mellom anna i rekneskapen at dei har oppfylt alle vilkåra som låg til grunn for overtakinga av verftet i Split.

Les også: Tage og kring 50 andre har likevel jobb

–Trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i året som kjem

– Trur ikkje nokre norske har den kapitalen som trengst

2018-resultatet: Kleven ser lysning etter tungt fjorår

Bakgrunn: Startar «nye Kleven» for å sikre framtida

Publisert: 20.02.2020 20:17

Sist oppdatert: 18.11.2023 20:14