Stadt tente igjen pengar i fjor
GJERDSVIKA: Hallvard Slettevoll og Stadt held til i Gjerdsvika og har på sikt planar om å bygge ut framom lokala. Det er investert betydeleg i opprusting av hamna dei siste åra. 
Nytt

Stadt tente igjen pengar i fjor

– Vi held oss godt flytande, seier Hallvard Slettevoll – sjølv om deira viktigaste kunde har sett arbeid på vent.

Marius Rosbach
14.09.2020

Etter minusresultat i 2018 er Hallvard Slettevoll nøgd med at Stadt igjen tente pengar i fjor.

Årsrekneskapen viser at 2019 enda med overskott og at inntektene igjen kom over 20 millionar. Driftsmarginen er på kring 6,5 prosent (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).

– Vi held oss godt flytande, men jubelen står ikkje i taket heller. Vi har handtert prosjekta våre godt og samtidig har vi skalert litt ned, slik at resultatet har blitt betre av den grunn også, fortel dagleg leiar Hallvard Slettevoll til NETT NO.

I fjor var dei i snitt nede i 5,5 årsverk, medan dei har tilsett nokre nye i år og er no oppe i åtte tilsette.

– Trenden har ikkje snudd skikkeleg, men eit prosjekt kan gjere at ting ser betre ut i morgon. Vi er ute på ein litt humpete tur om dagen, men vi er vande med bølgjedalar og har litt på kistebotn slik at vi kan vere med på nokre røffe turar, forklarar han.

Trur på oppdrag innan brønnbåt
Gjerdsvika-selskapet lagar i hovudsak framdriftssystem til ulike skip, og deira viktigaste marknader er Europa og Asia. Hallvard Slettevoll fortel at det er hektiske dagar med møter, tilbod og forhandlingar.

Framover håpar Slettevoll mellom anna på oppdrag innan brønnbåt.

– Vi er optimistiske med tanke på at vi skal ta del i det som skjer i den marknaden. Det er noko av det viktigaste som skjer hos oss no for tida. Samtidig får vi framleis ein del merksemd internasjonalt på militære fartøy og mindre tankskip som driv med bunkring og liknande, seier han.

Har fått betalt mykje på problem-oppdrag
I årsrapporten kjem det fram at bygginga av fleire skip for Nam Cheong er forseinka, og nokre er kansellert.

Oppdraga for det asiatiske selskapet har vore viktig for Stadt dei siste åra. Trass utfordringane seier Slettevoll at arbeidet har vore bra – for begge partar.

– Både vi og dei har kome oss gjennom krisa og er nøgd med kva vi har fått ut av dette. Vi er framleis i ein konstruktiv dialog med dei, legg han til.

Stadt har allereie fått 95 prosent av oppgjeret sjølv om noko av arbeidet ikkje er utført, heiter det i årsrapporten.

Forseinkingar og arbeid på is
Ifølgje årsrapporten gjeld det bygginga av fire skip som er forseinka og kontraktane sett på vent.

10 av 16 leveransar er ferdige, medan nummer 11 og 12 er delvis ferdige frå Stadt si side. Nam Cheong har kansellert desse avtalene med verftet, og skroga til skip nummer 13 til 16 er ikkje påbegynt.

I rekneskapen til Gjerdsvika-bedrifta er det ført opp 6,9 millionar i kostnader for å skrote og rydde opp i desse leveransane.

Les også: Stadt vil bygge i «nyehamna» i Gjerdsvika

Hallvard Slettevoll satsar på vindskip

Leverte til Nam Cheong-skip skip nummer åtte

Trur på store ordrar etter nedtur i 2018


Vi er ute på ein litt humpete tur om dagen, men vi er vande med bølgjedalar og har litt på kistebotn slik at vi kan vere med på nokre røffe turar

Stadt AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

21,5

16,4

Driftsresultat

1,1

-2,1

Res. før skatt

1,4

-0,7


Publisert: 14.09.2020 15:02

Sist oppdatert: 29.07.2021 11:56