Vil bygge i nyehamna i Gjerdsvika
VIL UTVIDE: Stadt-bedrifta held til på nordsida av Gjerdsvika. Framfor bygget vil Hallvard Slettevoll utvide med kai og nytt bygg. 
Nytt

Vil bygge i «nyehamna» i Gjerdsvika

Stadt AS står klare til å utvide når Kystverket er ferdig med hamneutbygginga i Gjerdsvika. Hallvard Slettevoll vil utnytte den nye tilgangen bygda har fått til havet.

Marius Rosbach
29.05.2019
I Gjerdsvika i Sande har det vore forventningar til at den storstilte utbygginga av hamna skal bidra til ny utvikling. Planen er at bygda med om lag 400 innbyggarar vil få meir enn 50 mål nytt næringsareal som Sande kommune skal utvikle vidare.
No er det klart at minst ei bedrift har teke avgjerda om å satse.
– Vi ser det som positivt at det er interesse, både frå andre og eksisterande bedrifter, for å utvikle hamna vidare, seier Sande-ordførar Dag Vaagen til NETT NO.

Vil bygge på nordsida

Stadt AS er mellom bedriftene som i mange år har vore etablert på nordsida av hamna. Når hamneutbygginga står klar, varslar eigar og dagleg leiar Hallvard Slettevoll at dei vil kjøpe grunn. Her vil dei bygge nytt.
– Vi ønskjer å bygge kai og infrastruktur mot sjøen. Vi ser føre oss eit maritimt senter slik at vi får utnytta den nye tilgangen til havet, seier Slettevoll til NETT.NO.
Om lag for å gjere hamna i stand til å ta i mot større båtar. Innseglinga og hamna er gjort djupare. Arbeidet er venta å stå klart ved utgangen av august.
Les meir:

Fleire har forhørt seg

På nordsida er det snakk om drygt 16 mål næringsareal, medan det er snakk om 35 mål på sørsida.
– Det har vore nokre interessentar som har ring og spurt om området på sørsida. Det er jo snakk om store næringsområder med gode moglegheiter til ulike aktivitetar, seier teknisk sjef Kjell Martin Vikene i Sande kommune til NETT NO.
Han vil ikkje seie kven det snakk om, men det er bedrifter som held til i regionen. Førebels har det ikkje ført til konkrete avtalar.

Tente penger gjennom krisa

Stadt måtte opphaveleg gi frå seg grunn framfor bedriftsbygget til prosjektet. Den ønskjer dei no å kjøpe tilbake. Trass i nokre tøffe år for den maritime industrien, har Gjerdsvika-bedrifta klart å unngå underskott og har musklar til å utvide.
– Så lenge vi tener pengar, legg vi heller det i noko som har verdi for selskapet, enn å putte dei banken, seier Slettevoll.

Med på vindskipsatsing

Gjerdsvika-bedrifta har nyleg sikra seg nytt arbeid og har medvind på fleire vis. Saman med Lade AS og Høglund Marine Automasjon . Dei har nyleg gått inn som aksjonærar i selskapet Vindskip, og har planar om å invitere inn fleire investorar.
Når Stadt neste veke installerer seg med stand på bransjemessa Nor-Shipping, vil konseptet få ein eigen del av standen.
– Dette er eit spennande «business case» for oss og vi vil vere med å skape eit reiarlag for å bygge eit slikt vindskip, seier Slettevoll.
Les meir:


Det har vore nokre interessentar som har ring og spurt om området på sørsida

Publisert: 29.05.2019 17:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35