Leverte til skip nummer aatte
Nytt

Leverte til skip nummer åtte

Nam Cheong-reiarlaget er største kunden til Stadt i Gjerdsvika.

Marius Rosbach
12.11.2019
Stadt har overlevert utstyr til det åttande skipet til reiarlaget Nam Cheong, opplyser Gjerdsvika-bedrifta i ei pressemelding.
SK Kinetik er eit ankerhandteringsfartøy med slepekraft på 85 tonn og bygd ved eit verft i Kina, etter ABS sine klassekrav, opplyser selskapet.
Utstyret er no sett i drift og leveransen inneheld hovudtavler, «lean drives», elektriske framdriftsmotorar, krafttransformatorar, sidepropellstyringar og PMS-system, heiter det i meldinga.
Stadt-direktør Hallvard Slettevoll opplyser at Nam Cheong er deira største kunde gjennom tidene. Det var våren 2014 at dei signerte den rekordstore kontrakten med malaysiske Nam Cheong Group for ein serie med ankerhandteringsskip.

Les også:




Publisert: 12.11.2019 20:52

Sist oppdatert: 29.07.2021 11:58