Trur paa store ordrar til hausten
STADT: Hallvard Slettevoll framfor ei av Stadt-tavlene som styrer det elektiske systemet. Etter ein omsetninsgmessig nedtur i fjor, har Slettevoll spesielt god tru på nye kontraktar til militære fartøy.
Nytt

Trur på store ordrar til hausten

Stadt i Gjerdsvika fekk ein nedtur i fjor, men dagleg leiar Hallvard Slettevoll trur at dette fort snur.

19.07.2019
- Vi er rimeleg sikre på at det vil tikke inn nokre fine ordrar til hausten, seier Slettevoll.
lever framdriftssystem, og har blant anna lukkast å kome inn på markanden for militære fartøy.

NATO-kontrakt

Selskapet har blant anna levert ein stor pakke til selskapet Saab til eit svensk militærfartøy, og i år har det også vorte gjort avtale med eit NATO-land.
- Innanfor militære kretsar er vår teknologi i ferd med å verte godt kjend, spesielt ettersom dei på sine fartøy er opptatt av stillegåande og energieffektive løysingar.
- Vi er i forhandlingar om fleire kontratar til militære fartøy, seier Slettevoll.
Som det einaste selskapet frå Nordvestlandet er Stadt med i FSI - samanslutninga av norske selskap som leverer forsvarsmateriell.
Her har Stadt spesielt fokusert på leveransar av sitt Stadt No-loss framdriftssystem.

Forhandlingar om storkontrakt

Selskapet har siste seks åra variert mellom 16 og 80 millionar kroner i årleg omsetning. I fjor vart det dårlegaste året, og resultatet før skatt enda på minus 0,7 millionar.
Slettevoll seier at det går i bølgjedalar.
- I fjor var vi nede i ein slik bølgjedal, men i denne bransjen kan det fort gå rett til vêrs att.
- Blant anna har vi vore i forhandlingar på kontraktar på over ein milliard kroner i verdi.

Ser mot cruise

Han opplyser at ein no ser etter levereransar også til større skip, og aller helst serier med skip.
- Her er cruisemarknaden spesielt interessant.
Den langsiktige gjelda for selskapet er på 2,8 millionar kroner, og samla eigenkapital på 13,6 millionar.
Hallvard Slettevoll eig 94,7 prosent av aksjane i selskapet.
I tillegg eig Arne Alvestad Blø 1,9 prosent, Odd Tore Brunsvik 1,9 prosent og Rudi Slettevoll 1,4 prosent.
Blant anna har vi vore i forhandlingar på kontraktar på over ein milliard kroner i verdi

Publisert: 19.07.2019 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37