Sirkus bergar seg paa alternativ underhalding
GJEKK UTANDØRS: Under koronautbrotet har Cirkus Agora trekt utandørs og mellom anna gjort seg populære med førestillingar ved eldresenter.
Nytt

Sirkus bergar seg på alternativ underhalding

Gode råd var dyre då koronakrisa slo til då rett før Cirkus Agora skulle ut på turné. No har dei satsa på utandørs førestillingar.  

Marius Rosbach
29.06.2020

Berre få dagar før Cirkus Agora skulle ut på landevegen for å gjennomføre 180 førestillingar, blei heile landet stengt ned som følgje av koronapandemien.

Per no er heile turneen utsett til neste år – men sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal er likevel ingen slagen mann. Omlegging av drifta og støtte frå styresmaktene, har gjort at underhaldningsartisten seier dei «kjem seg gjennom den mørke tunnelen».

– Vi har i fleire år hatt turne på eldresenter, og i tillegg har vi vore på skuleførestillingar og parkar som Tusenfryd. Eg er utruleg glad og takksam for at vi hadde den erfaringa då heile Norge blei stengt ned, fortel Smørdal til NETT NO.

Underhalding ved eldresenter
Då dei strenge smittevernreglane blei innført, satsa Smørdal mellom anna på utandørs underhaldning ved eldresenter.

nettnohalf

– Det har blitt populært og vi har mykje oppdrag. Vi samarbeider mellom anna med artisten Stig van Eijk og ein finsk multikunstnar. Vi har også med nokre veldig flinke barn som akrobatar, fortel sirkusdirektøren.

Smørdal fortel at sirkuset også har får støtte gjennom kompensasjonsordninga frå styresmaktene, som gjer at han meiner dei skal klare seg greitt.

– Eg meiner at systemet vi har i Norge, har fungert veldig bra. Eg kjenner sirkuskollegaer frå heile verda, og dei er i ein heilt anna situasjon, fortel han.

Vekst i inntektene – og overskot
Etter fleire tøffe økonomiske år, har Cirkus Agora klatra opp på eit tosifra milliontal i omsetning dei siste åra. 2019 enda med driftsinntekter på knappe 12 millionar og eit lite overskott, ifølgje årsberetninga (sjå tabell til høgre - under om du leser på mobil).

Smørdal fortel at overskotet hadde vore større, om dei hadde droppa ei kostbar markering av 30-årsjubileet. Åra 2017 og 2018 gjekk i solid pluss med driftsmarginar på kring ti prosent.

– Vi har hatt gode tal dei siste åra, fortel Smørdal.

Dei har også hatt ei rekke investeringar undervegs. Før sesongen 2019 fekk dei på plass eit nytt sirkustelt og før 2020-sesongen hadde dei investert i nytt tribuneanlegg, lyd- og lysanlegg og gjort utskiftingar i vognparken.

– Dette er store investeringar for oss, og vart teke over drifta, seier direktøren.

Berre to sirkus att i Norge
Den norske sirkusbransjen består no berre av Cirkus Agora og Cirkus Arnardo. Smørdal fortel at det har vore meir og meir vanskeleg å halde fram med tradisjonell sirkusdrift.

nettnohalf

– Det kostar mykje å køyre rundt med bompengar og anna. I tillegg er snart alle grusbanar i landet gjort om til kunstgrasbaner, påpeiker han.

Han håpar at kulturminister Abid Raja vil vere med å legge meir til rette for at underhaldningsforma deira skal overleve.

– Han er iallfall glad i sirkus. Samtidig må vi halde fram å omstille oss og finne nye marknader, legg Smørdal til.

Les også: Kritisk i kultur- og serveringsbransjen

Festivalstopp gir tap på meir enn 100 millionar

Fekk inn like mykje via nett som på ein vanleg konsert

Momentium jobbar med finansiering for å overleve krisa


Vi har i fleire år hatt turne på eldresenter, og i tillegg har vi vore på skuleførestillingar og parkar som Tusenfryd. Eg er utruleg glad og takksam for at vi hadde den erfaringa då heile Norge blei stengt ned

Publisert: 29.06.2020 05:55

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:18