Jobbar med finansiering for aa overleve krisa
TRUR DEI OVERLEVER: Utelivsgründerane Ante Giskeødegård (t.h.) og Lars Berg Giskeødegård reknar med beinhard jobbing framover, men trur selskapa deira skal overleve koronakrisa. 
Nytt

Jobbar med finansiering for å overleve krisa

Det største Momentium-selskapet tapar ei heil årsinntekt grunna avlyste festivalar. Men gründerane trur dei bergar seg og jobbar med å stake ut kursen vidare.

Marius Rosbach
27.04.2020
Få er like hardt ramma av som Momentium-konsernet av koronapandemien og tiltaka som er innført for å hindre smittespreiing. I helga kom avklaringa som dei fleste hadde rekna med: Det blir ikkje lov å arrangere store festivalar i sommar.
– Vi har skjønt kva veg det bar og var raske med å skru att krana, slik at vi skulle ha moglegheit til å overleve. Vi jobbar med å sikra oss finansiering og har dialog med bankar som gjer at vi trur vi skal kome i mål. Eg føler vi har kontroll, seier Ante Giskeødegård til NETT NO.

Les også:


Saman med Lars Berg Giskeødegård eig han morselskapet Alh AS, som igjen eig heile eller delar av ein rekke selskap, der dei fleste har det til felles at dei er stengt som følgje av pandemikrisa. Momentium Live er størst i omsetning og skulle i år fått inntekter frå både Jugendfest, Sommerfesten og Ålesund Live.
– Jobben med å arrangere ein festival, startar gjerne før den førre er avslutta. Slik sett tapar vi eigentleg inntektene for heile året, seier Ante Giskeødegård.

Håpar på krisehjelp for sesongbedrifter

Gründeren vil ikkje oppfattast som sutrete, men legg ikkje skjul på at festivalar – saman med andre sesongbaserte bedrifter – fell mellom fleire stolar per i dag.
Sjølv om regjeringa har varsla at det kjem eigne støtteordningar for sesongbedrifter, vil han ikkje vere for optimistisk.
– Det er ingen ordningar som treff den delen av verksemda skikkeleg, men det er lov å håpe. Men sjølv om vi saman med turistbransjen ser ut til å vere spesielt utsett, er heile verda i ei djup krise. Globalt sett er vi likevel i ein ekstremt heldig situasjon, og om noko skulle ryke, så går nok det også bra til slutt, legg han til.

Nøgd med kompensasjonsordninga

Ved Terminalen Byscene og serveringstadene Molo og Bro etter at smittevernstiltaka blei innført i midten av mars.
– Vi kunne hatt noko ope ved Molo og Bro, men valte å stenge. Uansett besøk er det ganske høge driftskostnader om ein skal halde ope, og om vi hadde gjort det, så kunne det fort gått gale, seier han.
Dei tilsette er permitterte og førebels veit ikkje eigarane når utestadene vil opne att.
– For slike plassar som har jamn omsetning, har kompensasjonsordninga frå styresmaktene fungert bra. Eg synest den kom raskt i gong, og sjølv om ein ikkje får dekka alt, så er det slik at ein kjem seg gjennom med litt ekstra finansiering, seier han.
(saka held fram under)

Les også:


Desse har fått mest kontantstøtte:


Podium:


Han meiner det er fornuftig at staten hjelper bedrifter over kneika.
– Det er ikkje almisser eller gåver dei kjem med. Eg trur det er meir lønnsamt å berge bedrifter som generer skattar og avgifter til fellesskapet, enn at dei går konkurs. Slik sett er det ei investering for staten sin del, seier han.

Har starta nytt selskap

Giskeødegård er klar på at det blir beinhard jobbing framover og reknar med at 2020 uansett blir eit dårleg år økonomisk. Men etter snart 20 år med kontinuerleg nye prosjekt, håpar han det kjem noko bra ut av den ufrivillige pausa.
– Den neste fasa blir å jobbe med korleis verda ser ut når vi kjem tilbake til normalen. Vi ønsker å drive med det same vi gjer i dag, men kanskje må vi justere tilbodet, seier Giskeødegård.
Han meiner det førebels er for mange usikre faktorar, til at han vil uttale seg skråsikkert. Men han påpeiker at det gjerne skjer mykje innovasjon i krisetider.
Gründerane har i lengre tid hatt planar om å jobbe meir med marknaden for kultursponsing. No har dei nytta moglegheita til å starte opp eit nytt selskap. Førebels vil han ikkje seie så mykje om kva dei tenkjer på, men seier det er eit offensivt grep.
– Vi er etter kvart ein ganske stor nasjonal aktør med eit bra nettverk, og meiner det ligg ein moglegheit her, seier han.

Skulle feira fem år med Terminalen

Terminalen Byscene skulle eigentleg feire femårsjubileum i april. No er det høgst usikkert om det kan samlast folk til konsert her overhovudet i år.

– Vi er budd på at det ikkje blir noko her heller. Det blir også eit spørsmål om kor grensene vil gå. Er det lov å samlast 50 personar, så blir det for dyrt til å halde ope som vanleg. Vi vil gjerne bidra til å opne samfunnet att, men samtidig har vi fokus på at vi skal overleve. Det kan bli kostbart å opne for tidleg, seier Giskeødegård.
Han trur ikkje det blir mindre viktig for folk å samlast fysisk i framtida. Samtidig er han spent på korleis frykta for smittespreiing vil slå ut.
– Eg trur spesielt ungdomen er klare så fort dei får lov. Til dømes Jugendfest som treffer flest mellom 15 og 25 år, trur eg ikkje blir påverka så mykje, medan dei som er litt eldre, kanskje vil vere meir skeptiske, seier han.

Les også:




Vi vil gjerne bidra til å opne samfunnet att, men samtidig har vi fokus på at vi skal overleve

Publisert: 27.04.2020 15:34

Sist oppdatert: 19.06.2021 18:39