Fekk inn like mykje via nett som paa ein vanleg konsert
STRØYMA KONSERT: Artisten Egil Olsen skulle eigenleg halde fleire konsertar den komande tida – mellom anna i Ålesund og Ørsta. No planlegg han i staden å halde fleire konsertar via nett. Erfaringa i helga var god.
Nytt

Fekk inn like mykje via nett som på ein vanleg konsert

Sjølvstendig næringsdrivande i kulturlivet er hardt råka av koronatiltaka. Men ørstingen Egil Olsen fekk ei positiv overrasking i helga.

Marius Rosbach
16.03.2020

Etter at koronatiltaka frå styresmaktene har sett ein stoppar for alle kulturarrangement og konsertar, har mange næringsdrivande innafor kulturfeltet missa all inntekt.

Artisten Egil Olsen frå Ørsta fekk likevel ein opptur i helga, då han strøymde to konsertar på nett.

– Det tok overraskande av. Eg gjorde den første konserten seint laurdag kveld fordi eg var litt usikker på korleis det tekniske ville fungere. Men eg fekk enorm respons og folk Vippsa alt frå ti til 300 kroner, fortel han til NETT NO.

Førebels har han rekna seg fram til at dei som høyrde på har sørga for like store inntekter, som ved ein vanleg konsert. I tillegg slepp han reiseutgifter.

Skulle eigentleg på turné
Olsen er ikkje så sikker på om gjevargleda vil halde seg framover, og trur kanskje det var spesielt denne første helga i «isolasjon».

– Det var uansett godt å få inn litt pengar no. Etter ein god haust og desember, hadde eg spart opp pengar til å vere heime i januar og februar. Planen var at eg skulle på turné og gjere fleire bedriftsarrangement no framover, fortel han.

Han erkjenner at han fekk litt panikk då kontoen var nærast tom, og utsiktene til inntekter dei næraste månadene såg ut til å vere lik null.

Har investert i heimestudio
Ørstingen som er busett på Nesodden utanfor Oslo, var likevel betre budd enn dei fleste, då konsertane han hadde planlagt brått blei avlyst. Uavhengig av korona-situasjonen har han den siste tida investert i eit studio heime.

– Eg har pønska litt på korleis eg kan tene pengar på denne måten. Det er eit miljø med musikarar som gjer konsertar og føredrag via nett, og eg var i gong med å finne ut av korleis det fungerte, fortel han.

Søndag hadde han sin andre konsert, då med litt meir marknadsføring. Mellom anna blei konserten strøyma via Facebook-sida Brakkesyke 2020, ein virtuell konsertstad som blei starta opp før helga.

I snitt var det kring tusen tilhøyrarar under konserten – langt fleire enn på ein vanleg Egil Olsen-konsert. Måndag var konserten oppe i meir enn 28.000 visningar.

Måndag skal også ein annan sunnmørsartist, Natalie Sandtorv frå Ålesund, spele konsert som blir strøyma via Brakkesyke 2020-sida.

Sjølvstendig næringsdrivande sikra inntekt
Egil Olsen har som mange andre artistar, organisert seg med eit enkeltpersonføretak. Måndag blei det klart at fleirtalet på Stortinget gjer at han og andre i same situasjon er sikra inntekt i tida framover. Ei ny ordning skal sikre frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande 80 prosent av gjennomsnittsinntekta frå dei siste tre åra.

Les også: Stortinget utvida krisepakka

Olsen har ikkje rekna på det, men trur han sjølv kjem ok ut av ei slik løysing. Han og kona har dei siste åra vore mykje opptekne med «familieproduksjon», som han seier – so for kona hans, som også er sjølvstendig, er det ikkje ei like god ordning.

– Eg tenkjer at det bør kome andre tiltak i tillegg, seier han.

Mellom anna blir det diskutert om tilskott gjennom Fono - interesseorganisasjonen for uavhengige norske plateselskap – kan bli opna opp i større grad.

– Med ei slags støtteordning som kan takast i bruk med ein gong, er ein kanskje eit stykke på veg. Også får ein vere kreativ og finne andre løysingar, påpeiker han.

Les meir om korleis koronaviruset påverkar næringslivet:

Armar og bein for å få fisken fram

Opnar for at butikkane sjølv får bestemme opningstida

Bankar med korona-handtering på fulltid

Legg minst 100 milliardar på bordet

Analyse: Varige etterverknader av epidemien

Ber bedriftene hjelpe sykehusene

Stenger Hotel Alexandra og Loen Skylift - 250 permitterte

Richard Grov: - Vi skal vere frykteleg glade for at vi bur i eit slikt land

Ålesund-restaurantar fryktar det tek år å kome over koronanedturen

Kjøpmann i Fosnavåg: – Har vore masse folk som hamstrar

Kritisk i kultur- og serveringsbransjen

Ekstrem auke på hermetikk: – Heilt vilt

Permitteringar: Regjeringa tar rekninga

Hotel Union Geiranger: - Vi kan stenge hotellet som del av nasjonal koronadugnad

Koronaboom for videokonferanser

Regiondirektøren i NHO: – Ein bra start, men ikkje nok

Disse tiltakene vil Maritim Forum ha i neste runde

Bytoget: – Kan bli virkelig kritisk om det fortsetter

Store kutt på Vigra - stenger Sandane

Erna Solberg: – Dette blir ei belastning både for bedrifter og familiar


Eg har pønska litt på korleis eg kan tene pengar på denne måten.

Publisert: 16.03.2020 16:19

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:25