Gir tap paa meir enn 100 millionar
RINGVERKNADER GÅR TAPT: Avlysing av Malakoff-festivalen (bilde) og arrangementa til Momentium gjer at ringverknader for minst 100 millioner kroner går tapt. – No er det endå viktigare enn nokon gong at folk nyttar seg av lokale tilbod, meiner ordførar Alfred Bjørlo (innfelt) i Stad.
Nytt

Gir tap på meir enn 100 millionar

Lokale bedrifter og frivillige lag tapar mykje som følgje av at Malakoff-festivalen og Momentium sine arrangement blir avlyst. – Gir ringverknader for stort og smått, seier Stad-ordførar.

Marius Rosbach
28.04.2020
Stad-ordførar Alfred Bjørlo fekk i helga nyheita som dei fleste hadde frykta ville kome: Alle sommarens store festivalar er avlyst grunna koronasituasjonen.
For Nordfjordeid betyr det at musikkfestivalen Malakoff ikkje blir noko av. Bjørlo påpeiker at festivalen er i «særklasse det største enkeltarrangementet i Eid og Stad kommune gjennom året», og gir store ringverknader som no går tapt.
– Det gir ringverknader for stort og smått i lokalt næringsliv med eit så stort arrangement med så mykje folk over fleire dagar. Det gir eit tap på titals millionar kroner, seier Bjørlo til NETT NO.

Største inntekta til mange lag

Dei siste åra har besøket vore på kring 30.000 menneske over tre-fire julidagar. I tillegg til at dei tilreisande mellom anna legg at pengar i butikkar og betalar for overnatting, betyr festivalen mykje for lokale lag og foreiningar.
– Malakoff er den største inntektskjelda for mange frivillige lag og organisasjonar gjennom året. Festivalen betalar dei for å stille med dugnadsfolk - og det gjerast i enormt omfang, seier Bjørlo.
Til saman gir festivalen inntekt på kring halvannan million kroner årleg til lokale lag.

Må bruke overskottet frå i fjor

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal fortel til NETT NO at festivalen sjølv reknar med å tape tre-fire millionar kroner. Eit overskott på to millionar i fjor gjer at dei likevel klarar seg greitt trass i årets avlysing.
– 2019 var eit veldig bra år for oss, så vi kan legge det overskottet inn i årets underskott, seier han.
Men han påpeiker at dei både er avhengige av at publikum blir med dei vidare - og at store sponsorar som Sparebank Sogn og Fjordane stiller opp.
– Om det ikkje skjer, så blir tala styggare. Men eg håpar og trur at samarbeidspartnarane vil gi oss pengane, sjølv om det ikkje blir festival, seier Naustdal.
Festivalsjefen har ikkje stor tru på at krisehjelp frå styresmaktene vil rekke lengre enn til å dekke ein mindre del av tapa deira.
– Det er så mange som treng hjelp i desse dagar, at eg trur det blir småpengar, seier han.
(saka held fram under)

Les også:


Desse har fått mest kontantstøtte:


Podium:


– Beste hotellhelga i Ålesund

Momentium er ein anna arrangør som kvart år har brukt å samla tusenvis av menneske på Nordvestlandet kring musikk og anna moro. No er både Jugendfest og Sommarfesten avlyst og store delar av årets inntekter er tapt.

Ei undersøking etter Jugendfest i 2017 viste at konsertgjengarane sørga for ei meiromsetning til andre bedrifter på kring 18 millionar den helga. Ante Giskeødegård i Momentium påpeiker at talet for alle arrangementa samla, er langt høgare.
– Analysen for meiromsetninga kring Jugendfest er ganske nøktern. Det er den beste hotellhelga i året i Ålesund, og det same gjeld for fleire av dei andre store arrangementa, seier han til NETT NO.

Samanvevd verdikjede

Med store konsertar som Green Day, Sommerfesten og Ålesund Live, meiner Giskeødegård difor at tapte ringverknader for Ålesund, raskt kjem opp i meir enn 100 millionar kroner.
– Det er store tal. Desse arrangementa betyr mykje for handelsstanden i byen, men også for verdikjeda i bransjen. Denne krisa har vist kor avhengig vi er av kvarandre, seier han og ramsar opp lyd, lys, banedekke – og ikkje minst artistane - som tapar pengar grunna avlysingane.
– Vi betalar også kring to millionar årleg til frivillige lag og organisasjonar, som no er vekke i år, legg han til.
Momentium jobbar framleis med å , men er trygge på at dei kjem i mål og har starta planlegginga av Jugendfest 2021. Dei vil markere årets festival i slutten av august, men har ikkje heilt bestemt seg for korleis.
– Det blir ei form for digital sending, også vil vi arrangere noko i staden for Sommarfesten, i samband med spleisforplast-prosjektet. Kva det blir, veit vi ikkje heilt enno, seier han.

Les også:




Malakoff er den største inntektskjelda for mange frivillige lag og organisasjonar gjennom året

Publisert: 28.04.2020 17:16

Sist oppdatert: 18.06.2021 14:42