Trur ikkje nokre norske har den kapitalen som trengst
GLAD: Det var ein glad og letta hovudtillitsvalt Olav Høydalsvik som møtte pressa, etter at det blei kjent at verftet får nye eigarar. 
Nytt

– Trur ikkje nokre norske har den kapitalen som trengst

No trur hovudtillitsvalt på Kleven at verftet vil halde fram å bygge passasjerskip. Truleg får han også behalde fleire kollegaer enn venta.

Marius Rosbach
20.01.2020
Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik i Fellesforbundet på Kleven er glad for avklaringa måndag. Då blei det kjent at det kroatiske industrikonsernet
– Det er positivt at vi får behalde arbeidsplassane både for samfunnet i Ulsteinvik og dei tilsette, seier han til NETT NO.

Treng kapital til nybygg

Verftsleiinga har ein klar strategi om at dei skal halde fram å bygge store passasjerskip, som ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen som nyleg blei levert til Hurtigruten. Høydalsvik peiker på at det krev mykje kapital for å drive slik nybygging.
– Det viktigaste no er at vi får inn kapital slik at vi kan bygge nye skip. Eg trur ikkje nokre norske har den kapitalen som trengst, legg han til.

Les også:


Veteranen trur ikkje det er negativ at dei nye eigarane kjem frå utlandet.
Sjølv om det til tider har sett mørkt ut for framtida til det tradisjonsrike verftet, har han hatt trua heile vegen: – Sidan dei kom inn i bilde i haust, har eg iallfall hatt trua.

Stopp for nedbemanning

Planen til Kleven-leiinga var eigentleg å bemanne ned til under 150 tilsette på sjølve verftet.
Det er no sett på vent. I dag er det kring 200 tilsette på verftet. I tillegg har dei kring 250 arbeidarar tilsett i Kleven Maritime Contracting.

Les også:


Hovudtillitsvalt Høydalsvik kryssar fingrane for at fleire som har fått oppseiing, likevel kan behalde jobbane. Men han legg til at dei ikkje har fått ei endeleg avklaring medan han ser bort på administrerande direktør Kjetil Bollestad.

Håpar på nytilsettingar i år

Verftsjefen stadfestar at det er aktuelt at fleire likevel ikkje misser jobben: – Vi må sjå nærare på heile kabalen, men det er mogleg at vi trekk nokre oppseiingar, fortel han.
Bollestad håpar også at dei allereie i løpet av året vil få behov for fleire tilsette.

Meir om saka:


2018-resultatet:



Det viktigaste no er at vi får inn kapital slik at vi kan bygge nye skip

Publisert: 20.01.2020 18:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50