Startar nye Kleven for aa sikre framtida
NYTT SELSKAP: Administrerande direktør Olav Nakken (t.h.) og finansdirektør Ola Beinnes Fosse i Kleven møtte pressa etter allmøte med dei tilsette torsdag. 
Nytt

Startar «nye Kleven» for å sikre framtida

Ein ny Kleven-eigar skal sleppe å få med gamle forpliktingar på kjøpet. – Hensikta er å gjere verftet meir attraktivt, seier verftsdirektøren.

Marius Rosbach
04.07.2019
Torsdag vart det skrive eit nytt kapittel i historia om Kleven-verftet. Mange hadde trudd det skulle kome ei avklaring om ny eigar, men det skjedde ikkje.
Då administrerande direktør Olav Nakken og finansdirektør Ola Beinnes Fosse møtte pressa etter allmøte med dei tilsette, fortalde Nakken at det var tre ting som stod på agendaen for dagen:
Ros til dei tilsette for jobben som er gjort med MS Roald Amundsen, varsel om det kan verte behov for færre tilsette – og at det er bestemt å opprette eit nytt selskap som skal drive verftet vidare etter leveringa av hurtigruteskip nummer to.
– Hensikten er å gjere verftet meir attraktivt for ein ny eigar. Også er det motiverande for alle tilsette å sjå at det veks ut ei ny grein som representerer framtida, seier Nakken til NETT NO.
Verftsdirektøren seier det også er eit behov for å skilje det nye selskapet frå tidlegare forpliktingar.
– Ein ny eigar vil dermed ikkje vere eksponert for gamle forpliktingar, til dømes garantiar knytt til Maersk, eller hurtigruteskipa, seier han.

Spekulasjonar om kjøparar

Hurtigruten tok som kjent over verftet for å sikre leveringa av dei to skipa MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen.
Det har vore spekulert i at både den italienske Vard-eigaren Fincantieri, nederlandske Damen og tyske Meyer skal vere interessert i å overta verftet, men førebels står altså ikkje nokon kjøpar klar på kaia.
Etter det NETT NO kjenner til, skal det ha vore eit krav i denne dialogen om at Kleven skil ut anlegg, tilsette og nye oppdrag til eit nytt selskap.
Nakken vil ikkje kommentere prosessen, men påpeiker følgjande:
– Verdien ligg i dei tilsette og porteføljen av nytt arbeid.
Han seier at Hurtigruten bidreg positivt til å gå gjennomført dette skiftet.
– Dei er veldig velvillige til å legge ting til rette for at det nye selskapet har ein grobotn, seier verftsdirektøren.

Unngår truleg ikkje oppseiingar

Dei tilsette fekk også vite at det vil verte behov for færre folk framover.
Nakken kan ikkje no seie kor mange tilsette som vert permittert, men han trur det vil dreie seg om eit fåtal personar.
I første omgang treng dei å ta høgde for ferieavvikling.
– Så vil bygginga av Fridtjov Nansen sysselsette brorparten av dei tilsette. I tillegg bygger vi ny aktivitet og tek på oss andre jobbar, seier verftsdirektøren.
Nokre tilsette er også prosjekt andre stader. Først når dei veit omfanget av desse tinga til saman, vert det klart kor mange som vert permittert – og om nokon vert oppsagde.
– Det er klart at for dei som vert råka, så er det alltid uheldig. Og nokre vert råka, det er ingen tvil om det.
Verftsdirektøren seier prosessen allereie er starta ved at dei tilsette er varsla formelt.

På jakt etter nye oppdrag

Kleven skal ut i første omgang ut i marknaden for ombyggingar og stålarbeid på skip. Nakken har lite tru på dei vil ta på seg heilt anna type arbeid, som bygging av brukonstruksjonar og liknande.
– Vi ønskjer å sjå på ny verksemd som er attraktivt å gjere på verftet. Vi må gå inn på kontraktar som utgjer liten risiko. Vi treng ikkje tene så mykje, men vi skal heller ikkje tape, seier Nakken.
Verftet har også snust på bygging av fleire offshoreskip for det kanadiske oljeselskapet Husky Energy. Men Nakken påpeiker at førespurnaden har vore ute så lenge, at han ikkje lenger har stor tru på at det vert bygging.
– Det krev også mykje kapital for å få på plass eit slik prosjekt. No er det i første rekke snakk om mindre prosjekt, seier finansdirektør Ola Beinnes Fosse.
Nakken påpeiker at det likevel er snakk om prosjekt som kvar for seg kan halde opptil 100 personar i arbeid.
Ein ny Kleven-eigar skal sleppe å få med gamle forpliktingar på kjøpet. – Hensikta er å gjere verftet meir attraktivt, seier verftsdirektøren

Publisert: 04.07.2019 16:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37