Kleven ser lysning etter tungt fjoraar
KLEVEN: Bygginga av Roald Amundsen kosta Kleven Verft og Hurtigruten dyrt. Verftet hadde eit driftsresultat på minus 338 millionar kroner i fjor.
Nytt

Kleven ser lysning etter tungt fjorår

Kleven Verft gjekk på ein solid smell i 2018, men etter gjeldskutt opplever leiinga auka interesse for sal av verftet.

18.11.2019
- No er vi klare til å ta Nye Kleven Verft vidare med ein styrka kompetansebase, i tillegg til dei nye kontraktane som er inngått, med avgrensa risiko for verftet.
- Dette i kombinasjon med ein vesentleg sunnare balanse, gjer at Nye Kleven Verft er godt posisjonert for framtida, seier finansdirektør Ola Beinnes Fosse i ei pressemelding måndag.

Minus 349 millionar

Bakgrunnen er at selskapet Kleven Prosjekt 401 AS endeleg har levert årsreknskapen. Dette selskapet er identisk med gamle Kleven, og er 100 prosent eigd av Hurtigruten.
Som forventa enda omsetninga i fjor på to milliardar kroner, i hovudsak knytt til bygginga av ekspedisjonscruiseskipet MS Roald Amundsen.
Resultatet før skatt enda på minus 349 millionar kroner, litt mindre enn forventa, etter 85 millionar kroner i ekstraordinære avskrivingar.
Saka vert oppdatert.

Har tatt historiske tap

Kleven opplyser i pressemeldinga at det negative resultatet også er spesielt påverka av finansielle utfordringar hos enkelte underleverandørar innan innreiing, samt ein forseinka levering av Roald Amundsen til Hurtigruten.
- Resultatet er påverka av den omstillinga verftet har vore gjennom dei siste åra. Finansielt har vi vore førebudde på eit negativt resultat i 2018, og kunne på førehand ta dei grepa som var nødvendige for å sikre forsvarleg drift på verftet.
- Omstillingskostnaden er no tatt, og historiske tap er handtert og dekt inn, seier Beinnes Fosse.

Startar med 130 millionar i gjeld

Kleven opplyser at grunnen til at 2018-rekneskapen blir levert først no, skuldast arbeidet med restruktureringa av selskapsstrukturen. Utfallet av dette har hatt betydning for 2018-rekneskapet. Alle hendingar fram til no i 2019 har blitt inkludert i 2018-rekneskapet.
Nye Kleven Verft blei formelt stifta 1. november 2019, med ein balanse på 130 millionar kroner i gjeld som er knytt til verftet sine eigendelar og fasilitetar.
Kleven opplyser at fram til det eventuelt er ein ny eigar på plass ved verftet, vil følgande personar sitte i styret: Ola Beinnes Fosse (styreleiar), Henrik A. Christensen, Tom Einertsen, Olav Ingolf Nakken, Olav Haugland, Alf Johan Antonsen, Frank Hauge og Olav Arne Høydalsvik.

- Attraktivt verft

Kleven opplyser at i første omgang er fokuset for verftet no å levere MS Fridtjof Nansen før årsskiftet, og samstundes levere dei andre prosjekta i ordreboka etter planen. Sal av verftet er ein pågåande prosess.
- Vi ser at verftet er attraktivt for både nasjonale og internasjonale aktørar. Dei ser verdien i den kompetansen vi har på verftet, i tillegg til at vi har fått ein ryddig og lett balanse etter restruktureringa, seier Beinnes Fosse.
Det vert også opplyst at det heileigde Hurtigruten-selskapet Kleven Prosjekt 401 AS vil betene sine forpliktingar i samsvar med kontraktane som ligg der både for leverandørar og bankar.
Vi ser at verftet er attraktivt for både nasjonale og internasjonale aktørar

Publisert: 18.11.2019 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44