All time high for Tenden bilane
GODT ÅR: Inntjeninga blei betre i fjor enn åra før - og endå betre i år - fortel Rolf Olav Tenden i transportselskapa i Stryn. Foto: Privat/Ogne Øyehaug
Nytt

«All time high» for Tenden-bilane

Trass koronautfordringar har det aldri sett betre ut etter første halvår for transportverksemda til Rolf Olav Tenden i Stryn.

Marius Rosbach
11.09.2020

Mange i transportbransjen har i stor grad vore råka av konsekvensane frå koronapandemien. Men at det går både i pluss og minus, er aktiviteten i Tenden-selskapa i Stryn eit godt døme på.

– Det er litt rart å oppleve i dei tidene vi er inne i, men vi har faktisk «all time high» etter første halvår, fortel eigar Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport og Tenden AS til NETT NO.

Oppsving hos storkunde
I fjor køyrde bilane til dei to selskapa inn kring 105 millionar, og fekk eit samla driftsresultat på 3,6 millionar kroner (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).

Etter første halvår i år låg dei an til eit overskot på tre millionar, og Tenden kryssar fingrane for at utviklinga held fram.

– Det er i første rekke to faktorar som gir gode resultat, god utnytting av bilane og auka volum - men lågare dieselpris spelar også inn, legg han til.

Nordfjord Kjøtt er deira største kunde, og her ligg også noko av forklaringa til auken. Som NETT NO skreiv tidlegare i veka, har produksjonsbedrifta i Loen hatt eit oppsving som følgje av koronapandemien.

Strynefjellet og bompengar gir utfordringar
Bransjen har vore hardt pressa på marginar dei siste åra. Om utviklinga held fram, kan 2020 blir det mest lønnsame året beste året til Tenden-bilane nokon gong.

– Vi hadde to dårlege år i 2017 og 2018, mellom anna kosta innføring av nye bompengar på E6 gjennom Gudbrandsdalen éin million ekstra, fortel han.

Tysdag deltok Rolf Olav Tenden på Samferdselskonferansen i Loen og fortalde om utfordringane med å vere avhengig av riksveg 15 over Strynefjellet. Likevel har det aldri vore aktuelt å flytte verksemda for å gjere det enklare for seg sjølv.

– Alle bilane går på hjul og kanjo køyre kvar som helst, men vi er opptekne av å utvikle nærområde vårt og har lyst til å vere ein del av den verdiskapinga som skjer her i regionen, understrekar Tenden.

Les også: – Må vite at vi kjem fram og får levere til rett tid

Trur oljeprisfallet og korona har vore ein vekkjar

Fekk beskjed om å ikkje avskrive skipstunnelen

NHO-direktøren til statsråden: - Vi er utolmodige

Tenden svingar med kundane

Det er i første rekke to faktorar som gir gode resultat, god utnytting av bilane og auka volum - men lågare dieselpris spelar også inn

Thor Tenden Transport AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

82

78,5

Driftsresultat

1,5

-0,2

Res. før skatt

1,5

-0,2

---

Tenden AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

22,9

21,4

Driftsresultat

2,1

1,4

Res. før skatt

2,1

1,4


Publisert: 11.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 11.07.2022 22:19

Mer om