Trur oljeprisfallet og korona har vore ein vekkjar
LOEN: Stortingspolitikar Helge Orten (H) deltok på konferansen i Loen, der samferdsel som verktøy for utvikling og verdiskaping var tema. 
Nytt

Trur oljeprisfallet og korona har vore ein vekkjar

Samferdselspolitikar Helge Orten meiner det kan vere enklare å få gjennomslag for argument om verdiskaping hos sentrale styresmakter.

Marius Rosbach
09.09.2020
Høgres Helge Orten var mellom dei som deltok på Samferdselskonferansen 2020 i Loen onsdag. Stortingsrepresentanten og leiaren av transport- og kommunikasjonskomiteen er mellom dei som vil vere tettast på det vidare arbeidet med å prioritere kva som skal få plass i Nasjonal Transportplan for 2022 til 2033.
– Det er no jobben verkeleg startar med å prioritere, seier Orten til NETT NO.

– Har vore ein vekkjar for mange

På konferansen i Loen var det samla folk frå store delar av Vestlandet. Særleg for Møre og Romsdal sin del har det vore trekt fram at fylket får langt mindre av vegpengane, enn det verdiskapinga og eksporten frå regionen tilseier.
Orten meiner oljeprisfallet og konsekvensane av koronapandemien har gjort merksemda kring verdiskaping og eksport større. Det teller truleg i favør for kystfylka sine prosjekt i diskusjonen med sentrale styresmakter.
– Korona har utfordra oss på mange plan, og mellom anna er det mogleg å snakke om verdiskaping på ein heilt anna måte. Eg trur det har vore ein vekkjar for mange og at det blir enklare å snakke om verdien av å skape nye arbeidsplassar, seier Orten.
Han påpeiker at verdiskapinga i stor grad skjer langs kysten innerst i ein fjord eller yst på eit nes.

Må ta breiare omsyn enn økonomi

Orten understrekar at politikarane må ta eit breiare omsyn enn til dømes gjer når dei vurderer kva for vegar som skal byggjast. Orten er oppteken av at det må leggjast vekt på fleire faktorar enn befolkningstettheit.
– Vi kan ikkje kome dit at vi berre skal gjennomføre prosjekt som gir positivt kost-nytte. Då kunne vi redusert transportplanen til ein tredel av i dag, men då vil vi ikkje greie å bygge landet, legg han til.

Strynefjellet «eit godt prosjekt»

På konferansen i Loen håpte både politikarane og dei fleste frå næringslivet, at ny riksveg 15 over Strynefjellet kjem inn på prioriteringslista i NTP-en som blir lagt fram neste år.
Tysdag , om utfordringane dei har med stadig stengte vegar. Han og mange i næringslivet i Nordfjord, ønskjer seg éin ny tunnel med framtidig arm til Geiranger – eit prosjekt som truleg vil koste kring fire milliardar kroner.
– Eg meiner det er eit godt prosjekt og vil sjå kva eg vil gjere for å bidra til å realisere ny veg. For den standarden som er der no, held ikkje lengre i 2020 på ein riksveg, ikkje minst grunna ei problema næringslivet opplever i dag, seier Orten.

Trur kampen om kronene blir beinhard

Fleire har peika på at det kan vere no eller aldri for ny veg over Strynefjellet. Om ikkje prosjektet kjem inn på prioriteringslista i denne omgang, fryktar fleire at ny E39 mellom Grodås og Byrkjelo vil korte ned distansen til Austlandet så mykje at behovet for ny riksveg 15 blir mindre.
Orten meiner det ikkje blir rett å seie at det er no eller aldri for Strynefjellet, men er klar på at det blir ein beinhard kamp om samferdselskronene framover.
– Begge prosjekta er gode og ønska inn i Nasjonal Transportplan, men eg skal ikkje kaste blår i auga på folk og ein klarar iallfall ikkje alt på ein gong. Det er heilt klart at det vil bli betydeleg kamp om midlane på nasjonalt nivå.

Les også:




Svein Sunde:



Korona har utfordra oss på mange plan, og mellom anna er det mogleg å snakke om verdiskaping på ein heilt anna måte

Publisert: 09.09.2020 15:04

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:05