Svingar med kundane
GODT ÅR: Thor Tenden Transport og søsterselskapet Tenden har aldri hatt større driftsinntekter til saman enn dei hadde i fjor.
Nytt

Svingar med kundane

Thor Tenden Transport er ein temperaturmålar på aktivetsnivået i indre Nordfjord.

23.08.2017
- Vi veks organisk med kundane, seier dagleg leiar og hovudaksjonær Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport og søsterselskapet Tenden.
På kundelista i Thor Tenden Transport har han selskap som Nordfjord Kjøtt, trappeprodusenten Hagen og Norgesvinduet Bjørlo, medan Tenden køyrer slakteriavfall og avskjær frå kjøttbearbeidingsbedrifter i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre til Norsk Protein på Hamar og fraktar kraftfôr frå Ottadalen Møller til bønder i Sogn og Fjordane.

Oppsving

I fjor vart køyring av kraftfôr og slakteriavfall skilt ut i selskapet Tenden, med sju bilar, medan langtransporten forøvrig ligg att i Thor Tenden Transport - med 28 bilar og 38 sjåførar.
Begge deler er i vekst, noko som speglar at det går bra for kundane.
Trass auka konkurranse frå bilar med utanlandske sjåførar ventar Rolf Olav Tenden at selskapet lag på veg vil vere det same om fem år som i dag. Han vil konsentrerer seg om marknaden han er, transport til og frå Sogn og Fjordane og deler av Sunnmøre.

Gevinst på verkstaden

Betringa i resultatet samla sett (sjå tabell), heng mellom anna saman med betre utnytting av eigen verkstad. Bedrifta er blitt flinkare til å drive vedlikehald på eigne bilar, og spesielt hengarane, i følgje Tenden.
Mykje av vedlikehaldet må gjerast av spesialistar på grunn av all elektronikken i bilane, men bedrifta nok vedlikehald på eigen verkstad til at auka effektivet slår ut på botnlina.

Publisert: 23.08.2017 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13