Fekk beskjed om aa ikkje avskrive skipstunnelen
ÅLESUND: Jan Helgøy (f.v.), Svein Gjelseth, Randi Walderhaug Frisvold, Knut Arild Hareide og Øystein Blom under møtet i Ålesund tysdag. 
Nytt

Fekk beskjed om å ikkje avskrive skipstunnelen

Tilhengarar av prosjektet med nytt håp om pengar til oppstart etter møte med samferdsleministeren.

Marius Rosbach
18.08.2020
Trass i at ny kvalitetssikring av Stad skipstunnel først er venta i slutten av oktober, avviser ikkje samferdsleminister Knut Arild Hareide at prosjektet får oppstartsløyve neste år.
Det er bodskapen frå ein utvida KrF-delegasjon som møtte statsråden for å snakke om skipstunnelen i Ålesund tysdag. Ap-politikar og mangeårig tilhengar av skipstunnelen, Svein Gjelseth, var med på møte saman med mellom andre Jan Helgøy og Øystein Blom frå Vanylven KrF.
– Vi møtte ein samferdsleminister som ivra for Stad skipstunnel-prosjektet. No har vi store forventingar til at vi skal få ei oppstartsløyve i 2021-budsjettet, fortel Gjelseth til NETT NO etter møtet.
Delegasjonen frå søre Sunnmøre møtte statsråden i Ålesund same dag som Hareide fekk innspel om Nasjonal Transportplan frå næringslivet og fylket i regionen.
Under møtet med næringslivet tidlegare på dagen blei skipstunnelen knapt nemnt, men Krf-delegasjonen fekk ein halvtime, der mykje dreia seg om dette prosjektet.

Må ha med resten av regjeringa

Fleire har peika på at det kan bli vanskeleg å få Stad skipstunnel inn på statsbudsjettet neste år, ettersom eit konsulentfirma har fått frist til 1. november med å levere ei kvalitetssikring av prosjektet.
– På direkte spørsmål frå oss, svarte Hareide at vi ikkje skulle avskrive moglegheitene for oppstart i 2021, fortel Gjelseth.
Hareide har også tidlegare «stått fram» som tilhengar av prosjektet. Under møtet i Ålesund påpeika han at skipstunnelen var det einaste store prosjektet i Nasjonal Transportplan for kysten.
– Han var også klar på at han måtte ha med seg alle regjeringspartia på dette, men han fortel at det er ein god dialog og at han ser moglegheiter, seier Gjelseth.

Treng 60 millionar til oppstart

Tilhengarane påpeiker at det tall frå Kystverket tyder på at det truleg vil vere nok med 60 millionar kroner, for å sikre oppstart neste år.
– Det er nok til å gjere grunnkjøpa, lage anbodsdokumenta og gjere dei arkeologiske utgravingane, seier Gjelseth.
Jan Helgøy meiner Hareide no har ei «historisk moglegheit» til å sette i gong prosjektet, som han er sikker på vil bli lagt merke til over heile verda.
– Prosjektet er overmodent og det står fullfinansiert. Det er på tide at kysten får dette når ein ser på kva som blir nytta på jernbane og elles på landsida, meiner Helgøy.

Meir om statsrådbesøket:



Hareide:


Ulstein om fjordkryssingane:


NHO-direktøren til statsråden:



På direkte spørsmål frå oss, svarte Hareide at vi ikkje skulle avskrive moglegheitene for oppstart i 2021

Publisert: 18.08.2020 21:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01