Slo seg opp paa skruar
KROATIA: Den nye Kleven-eigaren vert omtala som ein svært fargerik forretningsmann, som kan spele på mange strengar.
Nytt

Slo seg opp på skruar

Han har ni barn, spelar trekkspel, piano og saksofon, men familiebedrifta starta med skruar. Den nye Kleven-eigaren er ikkje redd for å satse.

21.01.2020

Seks år etter at han overtok kroatias største verft Brodosplit, er Tomislav Debeljak i ferd med å overta Kleven Verft i Ulstein.

Kroaten vert rekna som ein svært så fargerik forretningsmann som ikkje er redd for å satse. Det kan kome godt med for Kleven.

Gjennom det Samobor-baserte selskapet DIV Group leier 44-åringen eitt av kroatias største private selskap.

3.200 tilsette
Konsernet er inne i 75 selskap med totalt over 3.200 tilsette, og har vakse kraftig siste åra.

Ifølgje heimesida til DIV Group har konsernet solid eigenkapital og hadde i 2018 eit driftsresultat på 22,5 millionar euro.

Konsernet har mesteparten av aktiviteten i Kroatia, men har etablert avdelingskontor i Tyskland og Frankrike, i tillegg til at ein representert i Asia, Amerika og Afrika.

Blant anna er ein tungt inne i bygging av stålkonstruksjonar, både til bruer, pillarar til vindturbinar og rammer til diesellokomotiv.

Familieselskap
Men det starta med skruar gjennom eit selskap faren til Tomislav Debeljak starta som ei lita handverksforretning i 1971 i den kroatiske hovedstaden Zagreb.

Ifølgje den kroatiske avisa tportal har faren skrudd saman det meste av tidlegare Jugoslavia med skruar.

Tomislav Debeljak eig no halvparten av selskapet, medan mora og søstera Vedrana eig 25 prosent kvar.

I representantskapet sit også kona Danijela.

Tportal skriv at Debeljak har vore i konflikt med fagforeiningane ved Brodsplit, og at det er ulike oppfatngar om korvidt han er ein analytisk og dyktig forretningsmann, eller ein jeger som jaktar mest i mørket.

Avisa konkluderer med at dei som meiner det første, er dei som hittil har hatt mest rett.

Solid ordrebok
Blant anna har Split-baserte Brodosplit i dag solide ordrebøker, og har til liks med Kleven i det siste også hatt mange oppdrag innan yacht og ekspedisjonscruise.

I september leverte verftet ein 110 meter lang seksjon til eit Fincantieri-bygd cruiseskip, og i august overleverte verftet eit 108 meter langt ekspedisjonscruiseskip til nederlandske Oceanwide Expeditions.

Nyleg sjøsette verftet også eit 162 meter langt seglskip, som skal vere verdas lengste.

Verftet er også i gang med eit 128 meter langt ekspdisjonscruiseskip til Quark Expeditions.

Totalt har det kroatiske verftet bygt over 450 skip sidan starten, og det er venta at Kleven Verft spesielt vil få oppdrag rundt utrustning av skip.

Skal verte best
Brodosplit er eit resultat av ei samanslåing av fleire verft i Split, der Tomislav Debeljak og DIV Group overtok i 2013 etter at staten selde seg ut.

No skal Debeljak ta ut synergiar gjennom samarbeid mellom Brodosplit og Kleven Verft, der han meiner at skipa kan byggjast billegare og i tillegg lønsemda aukast.

For bygging av komplekse mellomstore skip, som til dømes ekspedisjonscruiseskip, er målet at dei to verfta saman skal verte dei beste i marknaden.

Meir om saka: Brodosplit-eigar inn i Kleven

Tilsett på oppseiing håpar å behalde jobben

–Trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i året som kjem

– Trur ikkje nokre norske har den kapitalen som trengst

2018-resultatet: Kleven ser lysning etter tungt fjorår


Publisert: 21.01.2020 05:56

Sist oppdatert: 18.11.2023 20:25