Ricco Vero konkurs
KONKURS: Finn Einar Kvamme har vore eigar av Ricco Vero-selskapa gjennom Kvamme Eiendom.
Nytt

Ricco Vero konkurs

Kleskjeda har tapt ti millionar sidan dei omfattande smitteverntiltaka blei sett i verk. 

Marius Rosbach
03.04.2020

Ricco Vero med hovudkontor i Olden har meldt oppbod, ifølgje ei kunngjering frå Brønnøysundregistera.

Bustyrar er advokat Andreas Rønnekleiv og første skiftesamling er 15. mai.

Reduserte inntekter
Kleskjeda Ricco Vero er eit dotterselskap i Kvamme Eiendom-konsernet. Konsernet som er eigd av Finn Einar Kvamme, har i fleire år opplevd reduserte inntekter. I 2018 enda omsetninga i konsernet på 92 millionar kroner. Resultat før skatt det året blei på 1,8 millionar kroner.

Ifølgje Fjordingen er 11 eigne butikkar omfatta av konkursen. I alt er det 28 heiltidstilsette og 30 deltidstilsette som står utan arbeid. Også dotterselskapa Ricco Vero Detalj og RV Exhibition er omfatta av konkursen.

Les også: Omsetningsnedgong for tredje år på rad

– Tapt ti millionar
Kvamme fortel til Dagens Næringsliv at konkursen i hovudsak skuldast koronakrisa.

– Sidan 12. mars har vi tapt om lag 10 millionar i omsetning, og det vil berre halde fram. Sjølv om vi sparar og permitterer, så har vi gjort innkjøp for heile det første halvåret. Lønnskostnadane våre er 15 prosent, og det er varekostnadar som er den store utgifta, seier han til avisa.

Kvamme fortel at han kjenner seg makteslaus og at det kjenst surrealistisk. Han fortel at han for augneblinken ikkje har konkrete planar om å vegen vidare.

Meir enn 80 år lang historie
Bestefaren til Finn Einar, Einar Kvamme, starta Kvamme Konfeksjon i Olden i 1936. Siden har familiebedrifta gått i arv i tre generasjonar. I 1986 starta Finn Einar Kvamme opp Ricco Vero med ei satsing på fasjonable dressar.

Fleire bedrifter i klesbransjen har opplevd utfordringar den siste tida. NETT NO omtala nyleg korleis dressane til Frislid Konfeksjon på Nordfjordeid i løpet av ein månad blei 30 prosent dyrare i innkjøp.

Les også: 90 prosent av kundane har sagt stopp

Kvamme fortel til Fjordingen at kronekursen også har forverra situasjonen for Ricco Vero. I tillegg blir dei ramma fordi selskap som konfirmasjonar og bryllup er avlyst, seier han.


Publisert: 03.04.2020 09:53

Sist oppdatert: 20.06.2021 22:34