Omsetningsnedgong for tredje aar paa rad
VIL VEKSE IGJEN:Ricco Vero syr saman nettbutikk og fysiske butikkar for å auke salet og har fått vekstlysta tilbake. Finn Einar Kvamme eig Ricco Vero-selskapa gjennom Kvamme Eiendom.
Nytt

Omsetningsnedgong for tredje år på rad

Ricco Vero merkar konkurransen frå nettbutikkar og gjer no ei digital satsing for å få omsetningsvekst igjen. 

Kristin Vidhammer
01.08.2018
Salsinntektene til Kvamme Eiendom-konsernet, som dotterselskapa Ricco Vero, Ricco Vero Detalj, Ricco Vero Sweden og RV Exhibition as er ein del av, fall for tredje år på rad i fjor.
Driftsinntektene vart i fjor 99 millionar kroner, mot 110 millionar året før. Resultatet før skatt vart eit underskot før skatt på 1,5 millionar, mot eit overskot før skatt på nærmare 4,9 millionar året før (sjå tabell).
Det er også nedskriving på aksjer, færre finansinntekter og større finanskostnader som forklarar underskotet.
Til samanligning var konsern-resultatet før skatt 11 millionar kroner i toppåra 2012 og 2013.

Reknar med vekst igjen i 2019

Styret skriv i årsmeldinga at dei utfrå dei rådande marknadsforholda budsjetterer med ein liten omsetningsnedgong også i 2018.
- Ein ser at bransjen er i endring der internasjonalisering og digitalisering påverkar vidare utvikling i stor grad. Ricco Vero har i 2017 gjort betydelige grep for å tilpasse den digitale plattformen slik at vi kan møte kunden på fleire digitale flater i tillegg til fysiske butikkar, skriv styret.
Dei regnar med å sjå vekst igjen i 2019.
Konsernet har ein bokført eigenkapitaldel på over 40 prosent.
Les også:

Publisert: 01.08.2018 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24