90 prosent av kundane har sagt stopp
STOPP: Valutautviklinga og tiltaka mot koronaepidemien har gitt ein svikt i salet som gjer at Frislid Konfeksjon permitterer og vurdere å stoppe neste leveranse av plagg frå Litauen.
Nytt

90 prosent av kundane har sagt stopp

I løpet av ein månad har ein dress blitt 30 prosent dyrare i innkjøp for Frislid-sjef Rune Taklo. Storparten av kundane hans har stoppa innkjøp.

19.03.2020
På få dagar har situasjonen for Frislid Konfeksjon blitt kraftig forverra.
Selskapet får sydd dressar, buske og jakker hos ein fabrikk i Litauen og betaler i euro, og sel vidare i norske kroner.
10. mars låg vekslingskursen mellom kroner og euro på eit nivå som i beste fall vil gi Frislid Konfeksjon eit resultat i balanse på årsbasis. No er kursen slik at Frislid taper pengar på kvart einaste plagg.

Utset betaling

I går rekna dagleg leiar Rune Taklo på effekten av kursutviklinga samanlikna med for ein månad sidan. 30 prosent prisoppgang er svaret. Den er uråd å velte over på kundane og i dag har kursen utvikla seg enda meir i negativ lei for selskapet.
90 prosent av kundane til Frislid Konfeksjon har innført inntaksstopp. I førre veke kom det inn 13000 kroner, medan selskapet har rundt seks millionar kroner uteståande.
Siste forsyning frå Litauen kom i førre veke og skal betalast om tre veker. Førre forsyning skulle betalast denne veka, men Taklo har varsla fabrikken om at den betalinga er utsett og må før påske avgjere om han også skal seie stopp for neste levering.
Dei ti tilsette i Noreg blir permittert frå helga og butikken i Oslo blir stengd.

Vurderer å støttekjøp

Krona har raskt blitt mykje mindre verdt, både mot euro og dollar, og det er dramatisk for handelsbedrifter som baserer seg på import, slik som Frislid Konfesjon.
Det har fått Noregs Bank til å gå til det uvanlege steget å varslet at den kan byrje å kjøpe norske kroner for å få kronekursen opp, noko som vil dempe skadeverknadane for importbedriftene.
Dette skriv Noregs Bank i ei pressemelding:
"De siste dagene har det vært ekstraordinære forhold i markedet for norske kroner, og endringene i kronekursen har vært historisk store.
På bakgrunn av dette vurderer Norges Bank løpende om det er behov for at Norges Bank skal intervenere i markedet ved kjøp av norske kroner."

Publisert: 19.03.2020 12:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54