Hoppar i det med ny aktivitetspark
OPNAR SNART: David Andersen har i ei årrekke dreve treningssenter. Snart opnar han aktivitetspark på Digerneset. 
Nytt

Hoppar i det med ny aktivitetspark

Treningsentra til David Andersen har hatt eit turbulent år, men det hindrar han ikkje frå å satse nytt. No skal heile familien aktiviserast på Digerneset.

Marius Rosbach
16.11.2020

Sidan 1993 har David Andersen frå Tjørvåg bygd opp ei treningssenterkjede som strekk seg frå Arendal til Molde. Han starta med å ta over senteret på Hareid i 1996. No skal han snart opne siste tilskott i verksemda – Epic Digernes.

– Vi har aldri hatt eit skikkeleg tilbod til dei unge, og det har ergra meg litt. Dette blir ein aktivitetspark for heile familien, samtidig har vi integrert treningssenter i parken, pluss eigne soner for avslapping og arbeidsstasjonar, fortel han til NETT NO.

Det siste to åra har han reist rundt til 15-20 ulike parkar i inn- og utland for å finne det beste innhaldet. Målet er å vere den mest innovative og moderne trampolineparken i Norge, og ha eitt breitt nok tilbod til at faste kundar ikkje går lei av aktivitetane.

Tilrettelagt for alle aldrar
Treningsgründeren er overtydd om at knutepunktet på Digernes som har vekst fram i løpet av dei ti siste åra, vil vere er ei god plassering for trampolineparken med «nogo attåt».

nettnohalf

Andersen legg ut om klatresystem, kanonballbaner og fleire aktivitetar – tilrettelagt for alt frå «minstemann til bestefar», som han seier. Han trur til eksempel moglegheitene for at medlemmane deira kan trene, samtidig som borna har det kjekt, vil falle i smak.

– Vi har satsa på kvalitet og utstyr frå europiske produsentar. Sikkerheita har vi hatt som største fokus. Difor har vi også valt vekk nokre aktivitetar, til eksempel trapes, som det har vore ein del skader med, fortel Andersen.

Servering blir det også i den siste av ei rad utvidingar ved Digernes Næringspark dei siste åra.

Solid overskot i fjor
I desse dagar har dei lyst ut stillingar for tilsette til Epic-parken. Andersen trur dei vil vere i gong frå starten av januar. Koronapandemien har gitt konsekvensar for treningssentera – men også for logistikken.

– Det er kjekt om vi rekker å opne før jul, men i desse tider er det vanskeleg å love noko. Karantenereglar og reiserestriksjonar har gitt nokre ekstra utfordringar, men det kan vi ikkje gjere noko med, seier han.

Treningsselskapa hans omsette i 2019 for drygt 35 millionar kroner.

Hovudselskapet Aktiv Trening stod for 34,6 millionar av desse, og enda fjoråret med eit overskot før skatt på 3,7 millionar.

Tapt 10-20 prosent av medlemmane
Så gode tal tør ikkje Andersen håpe på for 2020, og han er godt nøgd om det blir pluss i det heile.

nettnohalf

– Slik verkar det vere for dei fleste i bransjen. Vi har tapt 10-20 prosent av medlemsmassen samanlikna med i fjor. Til vanleg går det ned mot sommaren, og tek seg opp om hausten, men det har vore stillare enn vanleg no i haust, fortel han.

Sjølv om treningsbransjen har teke smittevern på alvor, er det framleis nokre grupper som kvir seg meir enn andre for å bruke sentra.

– Vi ser at dei unge og middelaldrande er tilbake, men dei eldste seier gjerne at dei vil vente til ei vaksine er på plass, fortel han.

Andersen seier at trass koronastøtte frå styresmaktene, så har dei betydelege tap.

– Eg trur likevel dei fleste selskapa som har hatt ein buffer vil klare seg. Iallfall dei som har banken med seg på laget. Vi har hatt god hjelp frå banken og huseigarar som har vore hyggelege med oss, fortel han.

Trur på opptur
Aktiv Trening-kjeda har ikkje planar om å opne fleire senter per no, og Andersen fortel at det avgjerande i tilfelle vil vere at det er ein god plassering.

nettnohalf

Aktiv Trening sitt største senter i areal – på 2500 kvadratmeter - er ved Moldehallen. Blindheim-senteret i Ålesund er avdelinga med flest medlemmer.

Med meir bruk av heimekontor og auka innkjøp av mat, trur Andersen at treningssentera vil oppleve ein rekyl når ting normaliserer seg.

– Eg trur bransjen vil få eit skikkeleg løft, og at mange vil bruke meir tid på å kome seg i form, legg han til.

La om til konsern i fjor
Herøyværingen som bur i Tjørvåg eig sjølv dei ni selskapa som frå i fjor blei til eit treningskonsern.

I løpet av året overdrog Andersen eigarskapen til selskapet Styrke Holding. Dette selskapet sin oppgåva er i utgangspunktet å eige og forvalte dei andre selskapa som driv treningssentera. Konsernet består også av fleire eigedomsselskap.

Les også: Digerneset veks vidare

NHO Reiseliv meiner krisehjelpa må hevast att

Treningsgründer: – En brutal påkjenning å kjenne at alt kan gå på dunken

Millionstøtte til selskap på Nordvestlandet

Richard Grov: – Kontantstøtten er konkurransevridande


Vi har hatt god hjelp frå banken og huseigarar som har vore hyggelege med oss

Publisert: 16.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 13.09.2022 14:29