Digerneset veks vidare
INNFLYTTING ETTER SOMMAREN: Arbeidet med det nye bygget på Digernesskiftet går etter planen og leigetakarane skal flytte inn i september. 
Nytt

Digerneset veks vidare

Eit nytt bygg på 14.300 kvadratmeter ved Digerneset Næringspark er nesten fullt. Sportsbutikk, elektrohandel og rekneskapsbyrå er mellom nye aktørar som skal inn.

Marius Rosbach
08.05.2020

Eit areal på kring 400 kvadratmeter er alt som står ledig av det 14.300 kvadratmeter store bygget som nærmar seg ferdig ved Digerneset Næringspark. Dagleg leiar Jan Petter Larsen i næringsparken kan fortelje at dei held tidsplanen med innflytting i september, og er nøgd med interessa for å leige seg inn.

nettnohalf

Frå før er det kjent at bygget mellom anna skal huse aktivitetspark, treningssenter og eit nytt bakerikonsept frå Valaker. No kan Larsen fortelje at den første sportsbutikken på Digernes skal flytte inn, saman med mellom anna elektronikkjeda Elon (tidlegare Euronics).

– Vi er opptekne av å utvikle heilskapen. Når vi fyller på med elektro og sport i breiddeutvalet, begynner vi å få dekka dei fleste varegrupper på Digerneset. Framover vil vi jobbe med å få på plass fleire tenester, seier Larsen til NETT NO.

Han fortel at dei merkar stor interesse frå helseaktørar som vil etablere seg, og meiner det har samanheng med at Digerneset har blitt eit knutepunkt med godt kollektivtilbud.

Psykiatri, røyrleggjar og ny Tesla-avdeling
Eitt offentleg tilbod er allereie klare for innflytting – eit sokalla ambulant team tilhøyrande distriktspsykiatrien til Helse Møre og Romsdal. Dei skal inn i kontordelen i det nye bygget, saman med rekneskapsbyrået Admento.

Sparebanken Møre gjekk tidlegare i år ut med at dei skulle opne same stad. Her får dei selskap av Busengdal Transport og Wenaas Kapital, som eig halvparten av Digerneset Næringspark. Også administrasjonen til næringsparken flyttar inn i det nye bygget.

Les også: Opnar bank-kontor på Digernesskiftet

Bikkar 1,5 milliardar i årleg omsetnad på Digernes

Andre nye leigetakarar blir Comfort-butikken Rørleggersentralen som held til på Fiskarstrand. I kjellaren opnar Car Wash bilpleie og ved sidan av blir det leveringsavdeling for Tesla-bilar.

– Her er det plass til 186 bilar og kring 70 prosent av desse plassane blir for elbilar. Det er hit kjøparane vil kome for å få visning og hente nye bilar. Bilpleia og Tesla-avdelinga blir også logistikkmessig knytt til kvarandre, fortel Jan Petter Larsen.

Planlegg opning i september
Aktivitetsparken med trampolinar og anna moro som får namnet Epic Digernes, skal etter planen også opne i september. Om dagens smitteverntiltak som følgje av koronautbrotet held fram, erkjenner Larsen at det er usikkert.

nettnohalf

– Vi brukar ikkje så mykje energi på det no. Om vi kjem til september og verda framleis er prega av koronasituasjonen, skal vi spele på lag med aktøren og finne ei løysing, fortel han.

Elles har ikkje sjølve bygginga blitt forseinka av koronapandemien, og fleire av butikkane på Digernes har ifølgje Larsen hatt vekst, i det som har vore ei krisetid for mange i handelsstaden.

– Vi har en miks av leigetakarar som ikkje er mellom dei som er mest negativt påverka av covid-19. Vinmonopolet, byggevarer og Posten Bring har alle hatt auka aktivitet. Vi har også fått meldingar om at andre lokasjonar som Digerneset, der ein kan gå rett inn i butikkane og ikkje må inn eit senter - opplever auka handel, legg Larsen til.

Les også: Bertel O. Steen med storsatsing på Digerneset

– Berre her vi kunne utvikle oss slik vi ønska

Nytt bygg kjem snart
Næringsparken som på litt over ti år har vekse frå null til kring 700 arbeidsplassar er ikkje ferdig utbygd. Ved postterminalen er det laga ei ny vegsløyfe og her skal ein i gong med å føre opp bygget der Wist Last & Buss skal inn, når dei flyttar frå Breivika.

– Bygget blir på nær 3700 kvadratmeter og er planlagt ferdig i september 2021, seier Larsen.

Det er også planar for eit smarthotell som mellom anna kan nyttast av yrkessjåførar som no får krav om at helgekvile ikkje skal skje i bilane. Digernes har allereie kvileplass for vogntog, men Larsen fryktar vogntoga vil finne andre stader å parkere om dei ikkje får på plass eit overnattingstilbod.

Vil ha symjehall
NETT NO har tidlegare omtala utspelet frå næringsparken om å bygge eit badeanlegg på nordsida av bygget som no er under bygging.

nettnohalf

– Med badeanlegget er vi i ein prosjektutviklingsfase og vi jobbar med å sjå på om det er økonomisk mogleg å det til, understrekar Larsen.

Han viser til ein Norconsult-rapport gamle Skodje kommune fekk utarbeida, som viser at Digerneset kan vere ei god plassering av framtidig symjehall. Larsen er ikkje i tvil om at ei slik plassering - i samspel med den nye aktivitetsparken - vil gi best besøk.

– Om ein i det heile skal klare å bygge eit nytt badeanlegg, må ein få nok belegg og bruk til å forsvare driftskostnadene, seier Larsen.

Her er det ulike meiningar og nokre vil ha plassert symjehallen ved skulen på Skodje, medan andre vil sjå eit slikt anlegg i samanheng med planane for eit nytt badeanlegg i Brattvåg.

Les også: No kjem også ingeniør-arbeidsplassar til Digernes

Bustadvekst rundt Digernes-satsing - Karl Gustav brukar fem minutt til snikkarjobben


Publisert: 08.05.2020 11:23

Sist oppdatert: 26.01.2022 11:09