Bikkar 1 5 milliardar i omsetnad paa Digerneset
LANGSIKTIG PLAN: – Då vi satt på ei tue i skogen med motorsaga, hadde vi ein langsiktig visjon. Vi laga ein plan for området og bestemte oss for å investere kring 2,5 milliardar, seier Jan Petter Larsen i Digernes Næringspark. Wenaas Kapital og Møller Eiendom er no likeverdige partnarar i næringsparken som har vekse fram på rekordtid. 
Nytt

Bikkar 1,5 milliardar i omsetnad på Digerneset

På eit fjell i Skodje har det på ti år vekse fram eit næringsområde som omsett for halvparten av Amfi Moa. No er utbyggjarane klare for neste steg.

Marius Rosbach
04.03.2019

Det har vore ei forbløffande rask utvikling på Digerneset, frå utbyggjarane i Wenaas Kapital «satt på ei tue i skogen med motorsaga» - som Jan Petter Larsen seier – til dagens område på kring 400 mål med stadig ny etablering av næringsverksemd.

– Målet vårt har heile tida vore å skape 1000 nye arbeidsplassar innan 2024. Så langt er vi oppe i 650. Det er mykje i eit regionalt perspektiv, seier Jan Petter Larsen.

Den daglege leiaren i Digerneset Næringspark seier setninga med trykk på «mykje», men har allereie planane klare for å vekse meir.

– Digerneset har ei kraft vi meiner det er behov for. Det gjeld å posisjonere seg mot andre delar av landet. Om vi skal klare å konkurrere med veksttakten i andre regionar, må vi ha rett areal å tilby på rett plass. Det gjeld både næring og bustadområde, seier han.

Her meiner han Skodje og Digernes ligg midt i smørauget.

Har flytta to millionar kubikk
Først litt meir om kva Digerneset er i dag: 25 bedrifter er no etablert eller i ferd med å etablere seg på det som for ti år sidan var eit skogområde på eit fjell i Skodje. Sidan då er det flytta kring to millionar kubikk stein – tilsvarande 200.000 dumparlass.

I løpet av kort tid har det opna Polar Bad, Fargerike, Europris, Obs Bygg, Coop Extra, Rema 1000, Vinmonopol og apotek. Fleire fortel om ein omsetnad som overgår deira høgste forventingar.

Selskapa som allereie er etablert, eller er på flyttefot hit, omsett no for meir enn halvanna milliard, ifølgje Larsen.

Til samanlikning har Amfi Moa ein omsetnad på nær tre milliardar. Sjølv om vareutvalet på Digernes er eit anna, seier det litt om storleiken. I tillegg er det gjort plass til kvilestasjon for tungtransport, knutepunkt for kollektivtrafikken og terminalen til Posten Bring.

Meir om utviklinga ved Digerneset

Store utvidingar på gang ved Digernes

No kjem også ingeniør-arbeidsplassar til Digernes

nettnohalf

Aktivitetspark og spisestad
Arbeidet med neste steg er allereie i gong ved sidan av Europris-butikken. Her kjem eit bygg på 13.200 kvadratmeter som mellom anna vil huse ein aktivitetspark med trampolinar og anna moro. Namnet vert Epic Digernes.

– Det som er spesielt med parken, er at vi integrerer ulike tilbod. Ved aktivitetsparken, kan mor eller far trene, og samstundes via glasveggar ha utsikt til området der barna leiker, seier Larsen.

Vegg-i-vegg kjem ein spisestad inspirert av bakeriet på Lom. Her skal ein ung bakar skal stå for drifta av staden som mellom anna vil by på steinbakt pizza.

Fleire typar arbeidsplassar
Med Wenaas Kapital i ryggen har Digerneset næringspark teke bevisste val om kva for etableringar dei ønskjer seg, og dei har hatt tid og kapital til å vente på at de rette skal kome.

– Kvar etablering skal vere nøytral for dei som er her allereie, og helst gi ein tilleggsverdi. Og den neste utviklinga på Digernes no er fleire typar arbeidsplassar, seier næringspark-direktøren.

Førre veke hadde MMC First Process kranselag for sitt nye bygg og til hausten flyttar dei inn med kring 60 tilsette, både ingeniørar og produksjonsarbeidarar.

– MMC First Process er berre starten. Vidare er det naturleg å tenke: Kva kan dei ha nytte av å ligge saman med, eller kven har nytte av å ligge saman med dei, held Larsen fram.

Velværehus og badeanlegg?
I bygget der aktivitetsparken kjem, har Larsen fleire aktørar som vil flytte inn. I første rekke er det tenkt funksjonar i retning helse og velvære – men også reine kontorarbeidsplassar.

– Vi får no etterspørsel frå tannlegar, fysioterapeutar, revisorar og rekneskapsførarar som vil til Digernes, fortel Larsen.

I kjellaren er det planlagt parkering for tilsette og bilpleie. Meir bilrelatert verksemd er også på veg til ei tomt inntil europavegen.

Som om ikkje det var nok, har Digerneset næringspark spelt inn ein ide om å bygge eit badeanlegg her, i staden for å at det vert bygd eit mindre basseng i tilknyting til barneskulen.

– Det er eit forslag frå vår side. Vi trur at ein oppnå god effekt av å plassere eit slikt badeanlegg som nabo ved aktivitetsparken som kjem. Då kan vi bygge noko som også dekker behovet til fleire enn berre undervisning ved skulen, trur Larsen.

nettnohalf

Befolkningsvekst er drivkrafta

Befolkningsvekst og handelslekkasje er viktige brikker for korleis Jan Petter Larsen og medarbeidarane har tenkt i arbeidet med å utvikle næringsparken.

– Digernes er eit midtpunkt når det gjeld befolkning. Du når 120.000 menneske innafor ein times køyretid. Men det aller viktigaste er den forventa veksten i befolkninga, seier han.

Larsen tek opp eit kart frå fylkeskommunen der kommunane er fargelagt etter kvar folketala veks. Fargane talar eit tydeleg språk. Noverande Ålesund kommune, med Skodje, Sula og Giske, er alle farga grønt – som betyr at dei har høgare vekst enn landssnittet. Mange av dei som kjem er kjøpesterke barnefamiliar som vil ha tilgang til natur, men samstundes ha ein effektiv kvardag.

Berre Aukra og Ulstein elles i fylket har tilsvarande sterke vekst – og her spelar utanlandsk arbeidsinnvandring ei stor rolle. Molde og Kristiansund er farga gult, som betyr lågare vekst – medan kommunar lengre inn og nord er raude – som betyr tilbakegang.

– Om ein til dømes tek randsona til Kristiansund ser vi at det er mykje raudt og det er berre Ålesund-regionen som har kraft nok i vårt fylke til å vere ein motor for utviklinga framover, meiner han.

Har snudd utviklinga
Då dei starta utvikling på Digernesskiftet viste statistikken at dei som var busett i Skodje, brukte to av tre kroner utanfor eigen kommune – ikkje minst ved kjøpesenteret på Moa.

– Skodje låg nest nedst i fylket på den statistikken. Men med eit attraktivt tilbod på rett plass, så seier det seg sjølv at den utviklinga ville snu. Difor har også Digernes vore ein slik suksess, påpeiker Larsen.

No er Skodje er nummer 9 på landsbasis når det gjelder vekst i arbeidsplassar. Ålesund er nummer 100.

– Dette er viktige tal for utviklinga her og bakgrunnen for at vi seier at vegane møtast på Digerneset. Vi vert eit regionalt knutepunkt, avsluttar Larsen.

Meir om utviklinga ved Digerneset

Store utvidingar på gang ved Digernes

No kjem også ingeniør-arbeidsplassar til Digernes


Den neste utviklinga på Digernes no er fleire typar arbeidsplassar

Publisert: 04.03.2019 05:54

Sist oppdatert: 26.01.2022 11:09