Her er den nye Vard leiinga
LEIARTRIO: Dette er den nye leiinga i verftkonsernet Vard. Attilio Dapelo (t.v.) skal leie cruiseskipavdelinga, Alberto Maestrini (midten) starta nyleg som konsernsjef og Fredrik Mordal Hessen er nye leiar for offshore- og spesialskip.
Nytt

Her er den nye Vard-leiinga

Ålesundar kjem inn for Erik Haakonsholm og ny italienar tek over cruiseskipavdelinga.

Marius Rosbach
01.12.2020

Fredrik Mordal Hessen frå Ålesund har starta i stillinga som dagleg leiar for forretningsområdet «Offshore and Specialized vessels» i Vard.

Det opplyser Vard i ei pressemelding som blei sendt ut ved 18-tida tysdag.

Hessen har tidlegare vore verftsdirektør ved Vard Brattvaag og har bakgrunn frå DNV-GL, Vard Design og shipping- og offshoreavdelinga til DNB. Han kjem frå stillinga som nestleiar for divisjonen han no skal leie framover.

Haakonsholm usamd om organisering
Tidlegare tysdag blei det kjent at Erik Haakonsholm frå Ulsteinvik har valt å seie opp si stilling. Dei tilsette blei informert om avgangen på eit allmøte før helga.

I ein e-post til dei tilsette har Haakonsholm fortald at årsaka til at han sluttar, er at han er usamd med eigarane om korleis konsernet blir organisert. Til NETT NO vil han ikkje utdjupe kva det dreiar seg om.

Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard vil heller ikkje kommentere ueinigheita til NETT NO.

– Det er trist at Haakonsholm sluttar, men vi respekterer den avgjersla, seier ho til NETT NO.

Ny leiar for cruiseavdeling
Attilio Dapelo tek over leiinga av cruisesegmentet når Mauro Leboffe om kort tid reiser tilbake til Italia. Leboffe har leia avdelinga i fire år og ifølgje konsernet har grepet vore planlagd i lengre tid.

I pressemeldinga takkar konsernsjef Alberto Maestrini både Haakonsholm og Leboffe for innsatsen og ønsker dei lukke til.

– Eg ser fram til å jobbe saman med Hessen, Dapelo og resten av Vard sin konsernleiing i Ålesund, uttalar Maestrini vidare.

Økonomien i balanse
Etter fleire tunge økonomiske år, har det gått betre det siste året for verftskonsernet. Ifølgje Fincantieri sin rapport per 3. kvartal er Vard i balanse på driftresultatet før av- og nedskrivingar.

Vard har verft i Tomrefjord, Brattvåg og Søvika, og i Romania, Brasil og Vietnam. Etter offshorenedturen er to verft i Noreg avvikla, i Brevik og på Aukra.

Les også: Vard-sjef Erik Haakonsholm sluttar

Vard-tillitsvalt: – Trist at Erik sluttar


Publisert: 01.12.2020 22:26

Sist oppdatert: 07.12.2023 16:13