Vard tillitsvalt Trist at Erik sluttar
SJEF OG TILLITSVALT: Vard-sjef Erik Haakonsholm (t.v.) og tillitsvalt Arne Otto Rogne. 
Nytt

Vard-tillitsvalt: – Trist at Erik sluttar

Hovudtillitsvalt i Vard håpar etterfølgjaren vil samarbeide like godt med dei tilsette.

Marius Rosbach
01.12.2020
Tysdag ble det klart at som sjef for offshore- og spesialskip i Vard-konsernet. Ved 18-tida sendte Vard ut ei pressemelding der dei til Haakonsholm.
Haakonsholm har orientert dei tilsette om avgangen i ein e-post, der det mellom anna kjem fram at han er usamd med eigarane om korleis bedrifta blir organisert. Ulsteinvikaren ville ovanfor NETT NO tidlegare tysdag.
Heller ikkje hovudtillitsvalt Arne Otto Rogne i Vard vil kommentere den sida av saka.
– Eg synest det er trist at Erik sluttar, seier Rogne til NETT NO.

Ny italiensk toppsjef

Haakonsholm har vore i bedrifta i nær 20 år og har vore det einaste den einaste nordmannen i toppleiinga. Nyleg sette eigarane i Fincantieri inn som sjef for alle Vard-selskapa. Mauro Leboffe leiar cruiseskipsbygginga.
– Kva betyr det å ha ein nordmann, eller person med lokal tilknyting i toppleiinga?
– Det er klart at det er viktig å ha ein i toppleiinga som har kjennskap til korleis Vard er oppbygd, og ikkje minst korleis samarbeidet har fungert med dei tillitsvalte. Vi har hatt eit godt samarbeid med Erik, og det håpar eg at den nye leiinga vil vidareføre, seier Rogne.

Håpar på meir krisehjelp

Etter fleire tunge økonomiske år, har det gått betre det siste året for verftskonsernet. Ifølgje Fincantieri sin rapport per 3. kvartal er på driftresultatet før av- og nedskrivingar.
Hovudtillitsvalt Rogne fortel at det likevel er krevjande tider som følgje av koronapandemien. Nyleg blei det klart at regjeringa vil dekke nokre av utgiftene verfta har til smittevern. Rogne er skuffa over at regjeringa ikkje vil betale utgiftene verfta har hatt tidlegare.
– Det er bra at det kom ei pakke, men eg hadde venta at den skulle hatt tilbakeverkande kraft, seier han.
Han har ikkje gitt opp håpet om at regjeringa snur i saka. Verftskonsernet hadde fram til utgangen av oktober hatt utgifter på minst 45 millionar kroner direkte til smittevern.
Regjeringa har foreslått at verfta per tilsett i karantene frå november.

Les også:





Vi har hatt eit godt samarbeid med Erik, og det håpar eg at den nye leiinga vil vidareføre

Publisert: 01.12.2020 18:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07