Vard held seg i balanse
BETRE RESULTAT: Erik Haakonsholm (t.v.) er leiar for forretningsområde Offshore & Specialized Vessels i Fincantieri. Det omfattar alle type skip Vard bygger, med unntak av cruiseskipa. I dei ni første månadane i år hadde forretningsområdet eit driftsresultat før av- og nedskrivingar i balanse, mot minus 48 millionar kroner i tilsvarande periode i 2029.
Nytt

Vard held seg i balanse

Ordreinngangen i Fincantieri har stupt etter koronaepidemien, men for eitt av forretningsområda i datterselskapet Vard er det oppsving.

13.11.2020
Forretningsområdet Offshore & Specialized Vessels, som kort sagt omfattar alt anna enn cruiseskipsbygginga i Vard, hadde ein ordreinngang på 186 millionar euro i årets ni første månadar, mot 89 millionar euro i same periode i 2019.
Ordreboka fall frå 836 til 712 millionar euro. Ordreboka fortel storleiken på kontrakter under arbeid.
For forretningsområdet skipsbygging, som omfattar resten av skipsbyggingsaktiviteten i Fincantieri-konsernet (medrekna Vard), fall ordreinngangen frå 6,5 milliardar euro i årets ni første månadar i 2019 til 1,4 milliardar euro tilsvarande periode i år.
Ordreboka fall fra 26,7 til 25,3 milliardar euro. Bygging av cruiseskip - der etterspørselen no er råka av koronaepidemien - er den viktigaste aktiviteten i dette forretningsområdet, der Vard-verfta har spesialisert seg på mindre cruisefartøy.

Heile Vard i balanse

Fincantieri sin rapport pr. 3. kvartal 2020 fortel det same som det italienske skipsbyggingskonsernet fortalde om tilstanden i Vard etter 1. halvår: Driftresultatet før av- og nedskrivingar i Vard er i balanse.
Det betyr at Vard ikkje lenger taper pengar på sjølve drifta.
Forretningsområdet Offshore og spesialskip hadde omlag balanse før av- og nedskrivingar alt i første kvartal i år, men frå 1. halvår gjeld det heile Vard, og det er status også etter årets ni første månadar.

La ned verft

Vard har mellom anna lagt ned skipsverfta sine i Aukra og i Brevik for å kutte kostnadar og tilpasse seg redusert etterspørsel.
Av- og nedskrivingar og finanskostnadar gir eit resultat før skatt i minus, men resultatforbetringa er uansett stor samanlikna med 2019.
I 2019 gjekk Vard-konsernet med 1,6 milliard kroner i underskot på drifta og fekk nesten minus to milliardar kroner i resultat før skatt. Avskrivingane i 2019 var 85 millionar kroner.

Etter dei store underskota i fleire år, sikra eit lån på 3,1 milliardar kroner frå eigaren i sommar at Vard kan drive vidare.

Vard skal ikkje betale renter på lånet, og det er heller ingen frist for tilbakebetaling ifølgje den meldepliktige avtalen som er inngått.
Fincantieri finansierer Vard og satsar på at lånet skal kaste av seg i framtida:
"Styret vurderer hybridlånet som et bidrag til å vedlikeholde verdien av Fincantieri sin investering i selskapet. Lånet er rente og avdragsfritt, men selskapet kan foreta frivillig innløsning (voluntary redemption). Selskapet skal ikke yte vederlag etter avtalen. Fordelen Fincantieri oppnår ved avtalen er derved at verdien av Fincantieri sin tidligere investering vedlikeholdes, og at det tilrettelegges for fremtidige utbyttemuligheter. "

Publisert: 13.11.2020 08:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04