Bustadvekst rundt Digernes satsing Karl Gustav brukar fem minutt til snikkarjobben
NØGD: Karl Gustav Indreeide (t.h.) og Raoul-Henrik Lid som er tilsett hos byggherre Ronny Tennfjord AS på MMC First Process-bygget, er strålande nøgd med å jobbe i kort reiseavstand frå heimen.
Nytt

Bustadvekst rundt Digernes-satsing - Karl Gustav brukar fem minutt til snikkarjobben

Næringssatsinga på Digernes bidreg til meir bustadutbygging. – Vi ser no at dei mange nye arbeidsplassane gjer området langt meir attraktivt, seier Skodje-ordførar. 

Marius Rosbach
16.03.2019
Skodje kommune opplever allereie stor tilflytting. Ei årsak er auka press på bustadmarknaden i Ålesund og Spjelkavik-området, men også 650 nye arbeidsplassar på Digernes er ei sentral drivkraft.
Snikkar Karl Gustav Indreeide er mellom dei mange bygningsarbeidarane som dei siste åra har jobba på Digerneset. Han er busett på Valle og er eit typisk døme på ei attraktiv gruppe tilflyttarar – nemleg barnefamiliane.
– No bruker eg berre fire-fem minutt til jobb, seier 40-åringen nøgd til NETT NO.

Heime litt over fire

Strålande utsikt følgjer også med der Indreeide og arbeidskollega Raoul-Henrik Lid er i sving på taket ved bygget der.
– Det er uvant å vere heime litt over klokka fire og kunne nytte tida saman med ungane. Ofte jobbar vi i Ålesund, eller ein anna plass som gjer at vi kjem heim mykje seinare. Eg føler det er vekk-kasta tid med mykje reisetid – og samstundes utgjer det betydelege utgifter for arbeidsgjevar, påpeiker Indreeide.
Saman med sin Sjøholt-busette kollega har Indreeide jobba i kring fem månader på Digernes . I løpet av våren går turen til fjells for andre oppdrag.

Vedtok ny plan

Torsdag vedtok kommunestyret i Skodje den nye dei komande åra. Den legg opp til ei særskilt satsing på nye areal til bustader – i tillegg til utviding av næringsområde på Digernes.
– Vi ser no at dei mange nye arbeidsplassane gjer området langt meir attraktivt. Kort avstand til arbeid senker også kostnadane for bebuarane, som dermed kan legge meir pengar i potten til bustad, fortel ordførar Dag Olav Tennfjord til NETT NO.
Samstundes har Skodje historisk hatt svært låg handelsdekking – og undersøkingar har vist at innbyggarane har brukt to av tre kroner utanfor sin eigen kommune.
– Det er eit sug etter å få tilgjengeleg handel langs den ruta der folk allereie ferdast, seier Tennfjord.
NETT NO har tidlegare omtalt korleis på Digerneset når kjem på plass, saman med fleire kontorarbeidsplassar.
– Vi har hatt møte med næringsforeininga og NAV, som meiner arbeidsplassane på Digernes er eigna for å inkludere grupper som flyktningar og personar på ulike tiltak. Mykje av varehandelen og logistikkjobbane har ikkje like store krav til høgare utdanning som mange andre næringar, understrekar Tennfjord.

Vil mekle om Digerneset

Siste ord er førebels ikkje sagt om korleis den endelege arealdelen for kommuneplanen vert sjåande ut.
Både fylkesmannen og fylkeskommunen har kome med motførestillingar til , nordaust for området som i dag er utbygd. Eit høgdedrag mot nord som er synleg frå Straumsbruene, er difor teke ut.
– Vi meiner fylkesmannen sine motsegn er ok, men vil forsøke å mekle med fylkeskommunen. Også på indre Skodje er eit bustadområde langs hovudvegen teke ut, og her vil vi mekle med fylkesmannen, seier Tennfjord.

Nye bustadområde

Det er likevel ei rekkje andre område der det i løpet av dei neste åra kjem nye bustader i Skodje.
– I gangavstand frå Digerneset ligg Kallerhaugen som er ferdig regulert. I tillegg er det eit ønskje om vidare bustadutbygging i Skodje sentrum og Valle, fortel ordføraren.
Eit område ved Brisingberget ved Skodje kyrkje er allereie vedteke. Vidare er Nilsgarden bak Sparebanken Møre-bygget i Skodje sentrum under ferdigstilling, og eit nytt område kalla Storebakken i nærleiken av omsorgssenteret. Også på Stette er det arbeid på gong innafor eksisterande bustadområde.
– Etterspørselen er klart størst i Skodje sentrum. Her kan ein bu få kilometer frå Digernes og med kort køyreveg til Moa, Brattvåg og Søvika. Ungdomsskule, kulturhus, lite gjennomgangstrafikk og variert servicetilbod, er óg kvalitetar folk set pris på her. Men både Valle og Stette vil også få hjelp av utviklinga på Digerneset, meiner Tennfjord.

– Mindre – ikkje meir biltrafikk


Miljøargument som følgje av auka bilbruk har vore nytta mot utbygginga som har skjedd på Digerneset dei siste åra. Dagleg leiar Jan Petter Larsen i Digerneset Næringspark meiner ein like gjerne kan snu argumentet på hovudet.
– Ein stor del av trafikken til Moa kjem frå aust og passerer allereie Digerneset i dag. Om ein hentar kundane til Moa - som i dag har ein handelsdekking på 160 prosent - langt ute på bygdene, vil ikkje auka tilbod på Digernes skape meir trafikk, snarare tvert om: Det vil gjere at fleire køyrer mindre, seier Larsen til NETT NO.
I tillegg peiker han på at det vil dempe trafikkbelastinga gjennom Brusdalen forbi drikkevasskjelda til Ålesund.
– Eg meiner diskusjonen ikkje bør vere anten utbygging på Moa, eller Digerneset. Det er både óg. Dei ulike plassane har ulike kvalitetar og fyller ulike behov, held han fram.
Meir om utviklinga på Digerneset:




Trekk parallellar til hovudstadsområde

Næringsparksjefen trekk parallellar til korleis utviklinga har vore kring Oslo, der bustadmarknaden har vekse og mellom anna gjort at Drammen no har vorte ein del av same marknad.
– Slik får ein ballongen til å vekse og det same skjer her. Men då utbygginga starta på Digernes, var ikkje det perspektivet komen til Sunnmøre, seier Larsen.
Han peikar på at spesielt barnefamilien busett seg i randsoner for slike vekstområde.
– Dei vil gjerne by litt landleg, men samstundes ha god tilgang til servicetenester og ok reiseveg til arbeid, seier Larsen.

– Gode koplingar mellom kommune og utbyggar

Sjefen for Digerneset Næringspark rosar samarbeidet med lokalpolitikarane i Skodje og meiner dei har vore framsynte. Han håpar samstundes at det vil helde fram når Skodje går inn i Nye Ålesund.
Terje Vadset som var ordførar fram til 2015, er samd med Larsen i at det har vore samarbeida godt lokalt om å få til Digernes-utbygginga.
– I tillegg til gode koplingar mellom kommune og utbyggar, hadde vi eit kommunestyre som jobba godt saman på tvers av partia. Det har vore eit døme på kva ein kan få til når det politiske miljøet jobbar saman med privat næringsliv, seier Vadset til NETT NO.
Vadset som saman med kona har likevel eit hjartesukk om korleis meir sentrale styresmakter har stilt seg på staden.
– Fylkeskommunen hadde nok ikkje store trua på dette næringsområdet, og når dei sikra seg tomt til busshaldeplass, og omstigingsplass for langrutene, så var dei ikkje så veldig framsynte, seier Vadset.
Han meiner dei har sikra seg eit for knapt område til slike fasilitetar og påpeiker at områda rundt no er disponert og at det er moglegheiter for utvidingar.

Meir om utviklinga på Digerneset:






Etterspørselen er klart størst i Skodje sentrum

Publisert: 16.03.2019 06:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32