Trond teigene sparebanken sogn og fjordane foto sparebanken 11
AUKAR UTLÅNA: Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane rapporterere at banken har auka utlåna med 6,9 prosent i privatmarknaden og 9,1 prosent til bedrifter og offentleg sektor dei siste 12 månadane. Det er ein auke frå høvesvis 6,6 og ni prosent etter tredje kvartal 2020. Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane
Nytt

Betre enn venta for Sparebanken Sogn og Fjordane

Banken har ikkje auka tapsavsetningane etter 1. kvartal i fjor.

12.02.2021

I første kvartal auka Sparebanken Sogn og Fjordane tapsavsetningane med 80 millionar kroner.

- Vi har ikkje auka tapsavsetningane etter det, seier administrerande direktør Trond Teigene i banken.

Les også: Bur seg på koronatap

Mange klarer seg bra
Rett etter at koronaepidemien kom frykta Teigene at problema for næringslivet ville auke på utover i 2020, men slik gjekk det ikkje.

Les børsmelding med kvartalsrapport her

- Veldig store deler av næringslivet i Sogn og Fjordane klarer seg veldig bra, seier han.

Unntaket er mange, men ikkje alle, i reiselivsnæringa og i kultur- og underhaldningsbransjen. Deler av handelsnæringa har hatt svært gode tider, medan andre har fått det tøffare, ifølgje Teigene.

(saka held fram under)

Sparebanken Sogn og Fjordane
Tal i mill. kroner20202019
Inntekter11591228
Resultat før tap682736
Resultat før skatt571696

Lite smitte
Med unntak av utbrotet av smitte hos arbeidsstokken til skipsverftet til Havyard Group i Hyllestad har Sogn og Fjordane hatt lite koronasmitte, og det har medverka til at næringslivet i Sogn og Fjordane har greidd seg godt under koronakrisa, etter Teigene si vurdering.

Banken har auka utlåna med 6,9 prosent i privatmarknaden og 9,1 prosent til bedrifter og offentleg sektor dei siste 12 månadane. Det er ein auke frå høvesvis 6,6 og ni prosent etter tredje kvartal 2020.

Les meir: Låner ut meir, tener mindre

Etter 2019 delte banken ut 90 millionar kroner i gåver og utbytte. Etter 2020 gjer styret framlegg om å dele ut 129 millionar kroner i utbytte og gåver.

Publisert: 12.02.2021 06:00

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:09

Mer om