Laaner ut meir tener mindre
RENTEKUTT: Større kutt i utlånsrenta enn i innlånskostnadane reduserere lønsemda viser siste kvartalsrapport som Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene har lagt fram.
Nytt

Låner ut meir, tener mindre

Sparebanken Sogn og Fjordane trur det tek tid før den kan tene like godt på å låne ut pengar som før kororonkrisa.

29.10.2020
Etter koronakrisa kom og Noregs Bank kutta renta har Sparebanken Sogn og Fjordane kuttar rentene på utlån meir enn banken har kutta renter på innskot og eigne innlån. Det har gått ut over lønsemda, og sjølv om innlånskostnadene vil gå ned framover trur banken den på kort sikt ikkje vil kome tilbake til nivået frå før koronaepidemien kom.

Betre enn venta

Banken skreiv banken ned verdien av låna sine med 80 millionar kroner i 1. kvartal fordi den var redd lånekundar ville bli så hard råka av koronakrisa at det ville gå ut over låna til banken.
Etter 2. kvartal vurderte banken det slik at den hadde vore for pessimistisk, men banken fryktar framleis auka misleghald framover på grunn av koronakrisa.

7,2 prosent vekst

I siste 12-månadersperioden har utlåna til banken auka med 7,2 prosent. Utlånsveksten til privatkundar er 6,6 prosent, til bedrifter og offentleg sektor ni prosent.
Då koronaepidemien kom og folk vart permitterte på grunn av deler av verksemda i samfunnet vart stengt, gav banken betalingsutsettelse til både personar og bedrifter. No er omfanget av betalingsutsettelsar attende på eit meir normalt nivå, skriv banken i kvartalsrapporten for 3. kvartal.

Publisert: 29.10.2020 08:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04