Bur seg paa koronatap
SVAKARE LØNSEMD: Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane har seks av ti aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og fryktar ikkje alle kjem til å klare seg gjennom koronaepidemien.
Nytt

Bur seg på koronatap

Sparebanken Sogn og Fjordane skriv ned verdien av utlåna sine med 80 millionar kroner på grunn av koronaepidemien.

06.05.2020
Nedskrivinga skuldast at banken fryktar tap frå utlån til private og bedrifter framover, fordi dei ikkje klarer å gjere opp for seg.
"På bedriftsmarknaden er det særleg bransjar som hotell, reiseliv og varehandel som er sterkast råka av koronapandemien, men også andre bransjar merkar utfordringar, mellom anna knytt til vareflyt og tilgang til arbeidskraft. Dette medfører også at banken sin kredittrisiko har auka", skriv banken i kvartalsrapporten for 1. kvartal.

I 1. kvartal 2019 var nedskrivinga på verdien av utlån ein million kroner, i fjerde kvartal 2019 var den 22 millionar.

Betalingslette

Banken venta at fleire kundar vil misleghalde låna sine på grunn av at dei har mist inntekter eller løn på grunn av koronaepidemien og tiltaka mot den.
Så langt er omfanget av misleghaldne lån omlag som i same periode i fjor, men det skuldast at banken alt letta på vilkåra privat- og bedriftskundar som har bedt om betalingslette.
Utan den betalingsletta ville tala for misleghald vore høgare, skriv banken i kvartalsrapporten.

Svekka resultat

Nedskrivinga på verdien av utlån svekkar lønsemda til banken i 1. kvartal i år, samanlikna med 1.kvartal 2019. (Sjå tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida).
Banken skriv og ned verdien av det den kallar "strategiske aksjar", med 44 millionar kroner
Etter at koronaepidemien kom vedtok generalforsamlinga i banken å reduserer utbytte og gåveutbetaling frå banken. Det opphavlege framlegget var å betale ut 171 millionar kroner, men generalforsamlinga reduserte utbetalinga til 90 millionar kroner.

Publisert: 06.05.2020 08:50

Sist oppdatert: 16.05.2021 13:23