Trur paa fleire kvinner til teknologi
HAR TRUA: Maria Lervåg i Atea Norge (t.v.) og Jorunn Berdal i Hewlett Packard Enterprise trur det kjem til fleire kvinner i teknologibedrifter framover.
Nytt

Trur på fleire kvinner til teknologi

Framover vil det vere store behov for personar med ikt-kunnskap. Å rekruttere annleis for å lokke kvinner til bransjen kan vere ei av løysingane. 

Marius Rosbach
13.09.2019

Det var knapt plass til fleire deltakarar då Atea inviterte til Community Tech-konferanse for 11. gong i Ålesund denne veka. Kvinnene var det derimot langt i mellom – både på scena og i salen. Det er ikkje noko overrasking for to av deltakarane som NETT No snakka med.

– Vi er vande med at det er slik, og det er til dømes sjeldan at det er kvinnelege foredragsholdarar på it-arenaer, fortel Jorunn Berdal, som er partner business manager i Hewlett Packard Enterprise (HPE).

Har blitt ein «betre miks»
Men noko er i ferd med å skje, og Berdal fortel at det har kome til fleire kvinner i bransjen dei siste åra.

– Tidlegare var det nesten berre menn, men no er det betre miks med fleire kvinner både på kundesida og hos leverandørar og partnerar, seier ho.

Men kvinnene som tek steget inn i teknologibedrifter eller avdelingar, søker seg gjerne til dei jobbane der ein ikkje treng å ha inngåande teknisk kunnskap.

– Dei fleste jentene som jobbar hos oss, er på sal eller i partnarroller. Vi har ikkje ei einaste kvinne på den tekniske sida, seier Berdal.

Trur interesser styrer mykje
Både Berdal og Maria Lervåg som jobbar som partnar manager i Atea, trur det kjem inn fleire kvinner til deira bransje med aukande digitalisering i arbeidslivet.

– Generelt meiner eg det har mykje med interesse å gjere, når det gjeld å jobbe med den mest tekniske biten, seier Lervåg.

Den utflytta ålesundskvinna jobbar også meir med folk enn sjølve teknologien, men fortel at ho sjølvsagt har interesse for det tekniske.

– Stort sett alle som hamnar i bransjen har nok litt meir interesse og forståing for teknologi, enn dei som ikkje gjer det. Eg tenkjer at det må ligge noko i botn som vekker nysgjerrigheita. Også må man tole å vere i eit miljø med kring 80 prosent menn, legg ho til.

Meir om konferansen: Ei kvinne og 14 menn på scena

– Sørg for at du eig dataene dine

Atea-konsernet veks på velferd

Bør sjå på stillingsannonsane
Dei trur sjølve rekrutteringa har mykje å seie for om dei treffer kvinnene eller ikkje. Korleis ei stilling lysast ut til dømes.

– Eg trur det har mykje å seie korleis stillingsannonsane er utforma, og at dei ofte trekker til seg fleire menn. Ord som lett kan skiftast ut for å ufarleggjere ting, kan føre til at du kanskje får dobbelt så mange kvinnelege søkjarar, seier Lervåg.

Berdal er samd: – Det trur eg er veldig riktig. Mange kvinner tenkjer nok at dei må treffe på alle punkta i annonsen før dei søkjer, seier ho.

Atea har hatt ei runde internt for korleis det gjer denne delen av prosessen.

– Det kan gå på litt personlege tolkingar av kva det betyr når det står digital eller teknisk kompetanse. Kanskje nokre damer vil tenkje at dei ikkje har noko spesielt av det, mens menn har ein større tendens til å tenkje at: «Dette kan eg», seier Lervåg.

Kvinnelege sjefar kan hjelpe
Leiinga i HPE har auka merksemda kring rekruttering av kvinner, og Jorunn Berdal merkar at det til dømes har kome til fleire kvinner i stillingar som account managere.

nettnohalf

– Leiinga er bevisste på dette og det hjelper ein del. Også har vi hatt fleire kvinnelege toppsjefar som har styrt heile skuta, også lokalt i Norge. Det er med på å ufarleggjere det, seier ho.

Administrerande direktør Michael Jacobs i Atea Norge har også trua på at kvinnelege sjefar er ein måte å få fleire kvinner til bransjen på.

– Vi jobbar hardt med å få inn fleire kvinner. Mellom anna ved å satse på fleire kvinnelege leiarar, som vi trur fører til auka rekruttering av kvinnelege medarbeidarar, seier han til NETT NO.

Marte jobber med utslippskutt for skip: – En fantastisk spennende teknologi

Mannsdominert bransje: Jobber aktivt med å tiltrekke seg flere kvinner

Veks på velferd og skule
Atea Norge-sjefen var mellom dei som snakka til deltakarane på torsdagens konferanse. Han fortalde mellom anna at dei har sett nærare på korleis dei omtalar verksemda.

– Bodskapen vår må pakkast inn litt betre ved å snakke om dei litt mjukare tinga, og ikkje berre om «kalde» serverar, seier Jacobs.

Atea-konsernet jobbar stadig meir med velferdstenester og undervisningstilbod til skular. Der merkar dei at kvinnene melder seg på.

– Også jobbar vi internt med kvinnegrupper, og vi samarbeider med Oda-nettverket og andre organisasjonar for å trekke til oss fleire kvinner, seier Jacobs.

Stort behov for folk
I åra som kjem vil norske bedrifter trenge mange nye tilsette med solid kunnskap innafor informasjonsteknologi – og spesielt datatryggleik.

Fleire undersøkingar tyder på at dei vil vere mangelvare – og at det vil vere eit stort gap mellom behov og tilgang på tilsette med rett kompetanse.

Ein rapport frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) viser at det i 2030 vil vere behov for meir enn 15.000 personar med sikkerheitskompetanse innan ikt. Eit anslag tilseier at tilgangen vil ligge på knappe 11.000 personar.

– Det betyr at vi kjem til å mangle fleire enn 4000 sikkerheitsekspertar. Eg seier til barna mine at om dei vil vere sikra arbeid, så bør dei satse i den retninga. Det kjem til å vere masse jobbar, påpeika Jacobs til forsamlinga på konferansen.

Les også: – It var egentlig et kvinneyrke

Mener foreldre og skole må påvirke jentene

NTNU-professor Arne Krokan: – Har skjedd et skifte det siste året

Stor interesse for liten brikke frå tekno-gründerar


Eg seier til barna mine at om dei vil vere sikra arbeid, så bør dei satse i den retninga. Det kjem til å vere masse jobbar

Publisert: 13.09.2019 11:05

Sist oppdatert: 15.09.2021 14:35