Superskip paa tur for eigen maskin
REV OCEAN: Rev Ocean på veg til dokking ved Myklebust Verft i Gursken tidlegare i år.
Nytt

Superskip på tur for eigen maskin

Vard startar med sjøprøver for Røkke-skipet.

Marius Rosbach
26.08.2020

Eit mannskap frå Vard har denne veka teke Rev Ocean-skipet på sjøen for eigen maskin for første gong, skriv Rev Ocean-prosjektet på si Facebook-side.

Flyttast til Langsten
Det kombinerte yacht- og forskingsskipet som Kjell Inge Røkke har under bygging, blir samstundes flytta frå Brattvåg til Langsten-verftet i Tomrefjord.

Årsaka er at eit nytt prosjekt treng plassen ved Vard-verftet i Brattvåg.

Undervegs vil mannskapet gjere dei første sjøprøvene for å teste eigenskapar, utstyr og sikkerheit ved fartøyet.

Forseinka
Rev Ocean påpeiker at koronapandemien har forseinka arbeidet i Norge med skipet. Etter den opphavlege planen skulle Rev Ocean vidare til Tyskland for utrusting i sommar.

– Arbeidet held uansett fram og den neste byggefasa ved Langsten vil bli ei ny milepåle i utviklinga av verdas mest avanserte forskings- og ekspedisjonsfartøy, heiter det.

Les også: Vard i balanse på drifta

Skipet skal koste kring tre milliardar kroner, og Røkke sin plan var å ha skipet i drift i 2021.

Rev Ocean er eitt av tre nominerte til 'Ship of the Year'-kåringa til Skipsrevyen. Rostein sin brønnbåt Ro Vision, levert frå Larsnes Verft og heilelektriske Yara Birkeland, også frå Vard Brattvaag., er dei andre nominerte.

Les også: - Vil bli et levende utstillingsvindu for norske leverandører

Larsnes mot Brattvåg om 'Årets skip'

Frå Kleven til toppjobb hos Røkke


Arbeidet held uansett fram og den neste byggefasa ved Langsten vil bli ei ny milepåle i utviklinga av verdas mest avanserte forskings- og ekspedisjonsfartøy

Publisert: 26.08.2020 13:03

Sist oppdatert: 17.06.2021 12:00