Larsnes mot Brattvaag om A Arets skip
KÅRING: Eitt av desse skipa vert 'Årets skip' - Yara Birkeland, Ro Vision eller Rev Ocean.
Nytt

Larsnes mot Brattvåg om 'Årets skip'

Eitt skip bygd av Larsnes Verft konkurrerer mot to Vard Brattvaag-bygde skip om tittelen 'Årets skip'.

26.05.2020
Det er Skipsrevyen som annakvart år kårar 'Ship of the Year'.
No er finalista klar, der lesarane kan stemme fram ein vinnar, .
Og dei tre nominerte finalistane er Rostein sin brønnbåt Ro Vision, levert frå Larsnes Verft, Røkke-skipet Rev Ocean frå Vard Brattvaag og heilelektriske Yara Birkeland, også frå Vard Brattvaag.
Planen var å dele ut prisen under årets SMM i Hamburg, men denne messa er utsett. I staden vert prisen delt ut under ein seremoni i Bergen 16. september, opplyser redaktør Gusdtav Erik Blaalid i Skipsrevyen.

Batterihybrid

84,2 meter lange Ro Vision er designa av Skipskompetanse i Måløy. Brønnbåten har ein elektromotor som driv båten framover. Straumproduksjonen kjem frå tre dieselgeneratorar og ved den fjerde er det laga eit stort batterirom, slik at Ro Vision vert rekna som den første brønnbåten.
Ro Vision vart levert til Rostein i april.

Autonomt gjødselskip

80,0 meter lange Yara Birkeland skulle eigentleg gjerast ferdig ved Vard Brevik, men Vard Brattvaag har overtatt oppdraget etter at Brevik-verftet vart lagt ned.
Det er Yara og Kongsberg som i fellesskap står bak det Marin Teknikk-deisgna skipet, eit skip som skal erstatte 40.000 årlege lastebilturar med kunstgjødsel, og som skal lastast og lossast automatisk.

Forskingsyacht

Det tredje nominerte skipet er Røkke sin forskingsyacht Rev Ocean. Det 182,9 meter lange skipet er designa av Espen Øino, og kostar minst 4,2 milliardar kroner.
REV Ocean vil vdre utstyrt for å utføre oppdrag som dekker heile det globale marine økosystemet .
Om bord vert det plass til 55 forskarar og eit mannskap på 35.
Juryen til årets pris består av Gustav-Erik Blaalid, redaktør i Skipsrevyen, Sverre Steen, Instituttleiar ved Institutt for marin teknikk, NTNU og Lars Gørvell-Dahl, leiar for Norsk Industri i NHO.

Publisert: 26.05.2020 09:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57