Styrer mot eit godt aar for Ulmatec konsernet
RESULTAT: Stig Ulstein og Ulmatec har satsa stort på Mjølstaneset i Herøy, her med Ulmatec Skipsservice nærast og Ulmatec Baro bak.
Nytt

Styrer mot eit godt år for Ulmatec-konsernet

Ulmatec-konsernet går på nytt i pluss. 2019 teiknar til å verte eit godt år.

19.07.2019

- Botnen vart nådd i 2017. I 2018 snudde det, og 2019 ser endå betre ut enn fjoråret.

Det seier hovedaksjonær og styreleiar Stig Ulstein i Ulstein Marine Technology (Ulmatec).

I fjor omsette dei ulike konsernselskapa for 299,1 millionar kroner, 30 millionar kroner meir enn året før.

Frå minus til pluss
Resultatet før skatt enda på 2,1 millionar kroner, mot minus 5,1 millionar i 2017.

I 2016 var tapet dobbelt så stort.

Les her: Rosar tilsette og eigarar etter rekordår

- Vi har reorganisert og tatt nødvendige grep. No ser det langt lysare ut framover.

- Hadde vi ikkje tatt ei nedskriving på varelageret på Ulmatec Baro på åtte millionar kroner i fjor, ville 2018-resultatet også vorte tilsvarande betre, seier Ulstein.

Betre i seismikk
Herøy-baserte Baro leverer i hovedsak utstyr til seismikk.

- Vi ser no ein auka aktivitet innanfor seismikk. Det er gledeleg, seier Ulstein.

Les her: Gjennomslag for nytt seismikk-system

Gode tal i Søvika og Hareid
Aller best gjer Søvika-baserte Ulmatec Pyro det med ei omsetning i fjor på 56,6 millionar kroner og eit resultat før skatt på 8,2 millionar.

Også Hareid-baserte Ulmatec Handling Systems hadde i fjor eit bra år med ei omsetning på 110 millionar kroner og eit resultat før skatt på 6,2 millionar kroner.

Også Herøy-baserte Ulmatec Skipsservice gjekk i pluss, medan det vart eit lite minusresultat for Herøy-selskapet Ulmatec Components og Nederland- og Latvia-baserte Cetix.

Plusstal vart det også for Ulmatec Eiendom.

Vil gjerne vekse
Stig Ulstein har forhåpningar om at alle deler av konsernet kjem til å gå i pluss i år.

- Hittil ser det lovande ut.

Han opplyser at konsernet gjerne vil vekse, utan at det er noko konkret på gang no.

- Vi såg på eit par interessante 'case' i fjor, utan at det gjekk vår veg.

Gjennom Ulmar eig Stig Ulstein og familien 31,58 prosent av aksjane i konsernet.

Totalt er det 15 aksjonærar. Nest største eigar er Borgstein Invest, som er likt eigd av søskena Ingunn Ulstein Botnen, samt Svein Idar, Håvard, Morten og Henning Ulstein.

Eigarane kan for fjoråret fordele eit utbyte på tre millionar kroner.

I 2018 snudde det, og 2019 ser endå betre ut enn fjoråret

Publisert: 19.07.2019 05:56

Sist oppdatert: 27.07.2021 08:20